FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Program for våren 2014

 (19.12.2013)

Hjarteleg velkomen til mållagsmøta våren 2014. 

Fyrste lagsmøtet er 21. januar, og då kjem Vibeke Lauritsen og fortel om nettstaden Allkunne og om hennar erfaring med nynorskundervisning i vidaregåande skule. Ho er ein svært dyktig og engasjert lærar, oppteken av språket og kor mykje som er likt nynorsk i Kristiansandsdialekten.

Årsmøtet er 18. februar.

Elles ser me fram til både 18. mars  og 29. april. 18. mars vil Cecilie Seiness halde foredraget: "Jon Fosse. Poet på Guds jord" og 29. april får me høyre Arne Torp kåsere over emnet: «Ivar Aasen på Agder i 1840-åra og talemålet på Agder i dag – likt eller ulikt?»

Også dette året blir det nynorsk gudsteneste i domkyrkja. 25. mai har me fått Torleiv Austad til å halde preika, og etterpå blir det kyrkjekaffi i Mållagssalen.

Lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer.
Lagsmøta tek til kl 19 og er sjølvsagt opne for alle. Eitt unntak er årsmøtet som berre er for medlemer.

Ombyggingsarbeidet av leigearealet skal vere ferdig 1. januar, men sjølve Mållags/BUL-salen vert det ikkje gjort noko med før til sommaren slik at alle aktivitetar i båe laga går som vanleg.

Januar

Tysdag 7. Styremøte

Tysdag 14. Lyrikk

Tysdag 21. Lagsmøte kl. 19.00: Vibeke Lauritsen: Om nettstaden Allkunne – og om erfaringane hennar med nynorsk i vgs.

Tysdag 28. Lyrikk

 

Februar

Tysdag 4. Styremøte

Tysdag 11. Lyrikk

Tysdag 18. Årsmøte kl. 19.00. Diktlesing.

Tysdag 25. Lyrikk

Mars

Tysdag 4. Styremøte

Tysdag 11. Lyrikk

Tysdag 18. Lagsmøte kl. 19.00: Cecilie Seiness: «Jon Fosse. Poet på Guds jord»

Tysdag 25. Lyrikk

April

Tysdag 1. Styremøte

Tysdag 8. Lyrikk

Tysdag 29. Lagsmøte kl 19: Arne Torp:

«Ivar Aasen på Agder i 1840-åra og talemålet på Agder i dag – likt eller ulikt?»

Musikalsk innslag v/BUL-koret

Mai

Tysdag 6. Lyrikk

Tysdag 13. Styremøte

Tysdag 20. Lyrikk?

Sundag 25. Nynorsk gudsteneste med Torleiv Austad. Kyrkjekaffi.

 

Juni 3. Styremøte

 

Alle lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer. Lagsmøta er sjølvsagt òg opne, med eitt unntak; årsmøtet, som berre er for medlemer. Dersom du har vener som er interesserte i dei sakene eller programma mållaget har, må du gjerne ta desse med på møta. Lurer du på noko? Sjå på www.nm.no/lag/mallaget-i-Kristiasnsand, eller send brev til Mållaget i Kr.sand, Pb. 617, 4665 Kr.sand, eller e-post maalkrs@online.no

 

 

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS