FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Er alle bøkene på nynorsk?

 (11.03.2014)

Ja, var svaret, og elevane såg ut til å vere nøgde med det.

10. mars var eg på Lovisenlund skule for åttande året på rad for å presentere nynorske bøker. Sidan 2007 har skulen hatt nynorsklesing på 5. trinn nokre veker kvar vår, og både skulebibliotekar, lærarar og elevar er svært positive til dette.

Heldigvis har Mållaget i Kristiansand eit ganske rikt utval av nynorske bøker, og elevane var som vanleg raske til å finne ei bok dei hadde hug til å lese i.

Lærarane hadde også dette året ordna timeplanen slik at elevane rett etter presentasjonen fekk bruke tida på lesing, og det var moro å sjå kor fort dei sette seg til med ei bok.

Sjølvsagt er bøkene også til heimlån slik at elevane får høve til å lese mykje meir enn bare tida som vert avsett på skulen.

Fantasy- og dyrebøker var det stor interesse for. Dessutan fotballbøkene om Bacelonagjengen av Atle Berge og bøkene om Knoterud FK av Lars Mæhle!

Bøkene er svært varierte når det gjeld tekstmengde og innhald. Er ein ute etter spenning og har god lesetrening, kan ein t.d. lese Drakeguten eller andre bøker i fantasy-sjangeren. Vil ein heller ha humor i tekst eller illustrasjonar, er biletbøkene ei god kjelde til det.

Når det gjeld faktabøker, har Egil Hyldmo skrive nokre flotte bøker om norske dyr der han vekslar mellom fakta og forteljingar om bjørn, ulv, gaupe, jerv og moskus. Bøkene er rikt illustrerte med gode foto og teikningar. 

Elevane blir med i trekning om fire nynorske bøker når leseperioden er over, og dei får dessutan diplom.

På Lovisenlund har 5. trinnet fått abonnement på Norsk Barneblad for 2014, ei gåve frå Mållaget, noko me vonar vil vere med og styrke ei positiv haldning til nynorsk.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS