FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

"Jon Fosse. Poet på Guds jord"

 (21.03.2014)

Cecilie Seiness heldt eit utruleg levande og interessant foredrag om Jon Fosse i Mållaget tysdag 18. mars. Etter å ha fylgd Jon Fosse på fleire reiser både i inn- og utland gav ho i 2009 ut boka: Jon Fosse. Poet på Guds jord. 

Me fekk gjennom foredraget eit svært godt bilete av både liv og dikting til Fosse, og dermed inspirasjon til å bli enda betre kjend med alt han har skrive. Portrettboka hennar kan vere ein fin innfallsvinkel til forfattarskapen hans.

Ho starta med å fortelje og lese litt frå den siste boka i triologien om Alida og Asle: Kveldsvævd, som kom ut no i januar. Dette drog oss rett inn i boka og måten Fosse skriv på: Korte setningar med gjentaking, realistisk, men samtidig draumeaktig ved at Asle som er død, er med Alida og barnet i båten.

Fosse voks opp i Strandebarm, ei bygd med ungdomshus og bedehus, milevis frå teater. Likevel skulle det etterkvart bli teaterstykka han vart mest kjend for. 
 
Han opplevde mykje død då han var ung. Eit par klassekameratar døde, ein ungdomsleiar fall brått død om, og sjølv sklei han på hålka med ei saftflaske i handa, og skar nesten over pulsåra. Dette har prega han. I tenåra gjorde han opprør mot pietismen og melde seg 16 år gammal ut av statskyrkja. Han gjekk med langt hår, røykte og drakk og var svært oppteken av gitarspel. På gymnaset hadde han ein norsklærar som fekk han til å tru at han kunne skrive, og dette berga han frå å "hamne utfor" - noko som elles lett kunne ha skjedd, meinte han.
 
Han debuterte  som romanforfattar på 80-talet. Han vil ikkje skrive dramatikk, men blir etter litt press med på eit dramatikarkurs. P.g.a. at han treng pengar, skriv han i 1993 teaterstykket: Nokon kjem til å kome. Noko nytt opnar seg no: Det går så lett å skrive replikkar!
Sidan har Fosse vore teatermenneske, og på få år etablerer han seg som teaterforfattar. Stykka hans vert omsett til mange ulike språk, og han er ein svært populær forfattar i t. d. Frankrike, Tyskland, Finland, Japan, Kina og Chile. Han har ein enorm arbeidskapasitet og sjølvtillit. Han bruker ikkje så mange ord, men tekstene seier noko om livsvilkåra og tida mennesket er på jorda slik at ein kan kjenne seg att enten ein bur i Kina eller Noreg. 
 
I Noreg vert han av mange rekna som dyster og uforståeleg, men ein treng ikkje vere lærd for å skjøne det han skriv, påpeikar foredragshaldaren. Han skriv om korleis livet er. Han er ein svært jordnær og triveleg fyr.
Ho nemnde at då han fekk tilbodet om å flytte inn i Grotten, kunne han fyrst ikkje tenkje seg det, men fann ut  at det var viktig med tanke på nynorsken.
 
Fosse er ein utruleg produktiv forfattar, og han har skrive nærare 40 skodespel, gitt ut 15 prosabøker, 10 barnebøker og 10 diktsamlingar. I fjor haust vart han også nemnd som Nobelpriskandidat.
 
Kvelden vart avslutta med at Maria Viken framførte fleire av dikta hans på ein roleg og fin måte: Svevnens kjæleik, Haustdag, Snøsong, Lyset som ikkje er eit lys og til sist Nattsalme. Nattsalme står også i den nye salmeboka.
 
Fosse skal ifylgje Seiness ha sagt: "Å skrive dikt er som å spele gitar. Eg er ein spelemann i livet"
 

Solvieg Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS