FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Lyrikkgruppa.

 (24.03.2014)

I Mållaget i Kristiansand er me så heldige å ha ein som liker å skrive dikt, Åsmund Olaf Unhjem. Han har vore med i lyrikkgruppa i mange år no, og jamen er fint at han vil dele dikta med fleire enn dei lyrikkglade som møter i Mållaget om tysdagskveldane.

Han er oppvaksen på austlandet og har alltid brukt bokmål. Men han liker nynorsk svært godt og har i det siste omset noko av det han har skrive. Dette har me fått lov til å legge ut på heimesida vår, noko me set stor pris på.

Fuglen

Ingen er så fri som fuglen
når ho svimlar mot skyene,
når ho som eit brusande fossefall av lengting
driv i sanselause kast over tretoppane,
når ho med kvinnelig ynde
seglar som på silkeputer av lys og solvindar,
når ho takkar for livet med oppheva tyngdekraft
og streifar tankane mine med den 
sanne kunstnaren sin uforståelige virtuositet
 - da kjenner eg henne som ein forlenga arm
av mi sjel!

Raudstrupen

Natta er ikke meir,
lydar vaknar over djupe bekkar,
langt borte stabbar nye føter,
livet er eit strå i vinden,
synet speidar innetter,
hundane søv i sola,
ho sit på gjerdestolpen,
ser på meg, rykkjer meg ut
av den falske fridomen,
reiser meg frå støvet,
ja, det gjer dette himmelske 
kjærteikn, fuglen min.

 

Tredansarliv

Så lenge det finst tre å klatre i
er det inga sak å leve, for tre er kraft.
Ja, det gir krefter å klatre i tre,
krefter som ikkje forfalskar sanninga,
krefter som gir oversyn,
gir trygge armar og skapande liv,
gir husrom og knoppskytande trøyst.
Ein sit det oppe under stjernene
og veit kva ein sjølv er,
veit at når hausten kjem,
skal ein ta vengene fatt.
Det er nemlig trea som gir 
ein styrke til å reise,
reise til nye tre langt borte,
reise til varme og liv og grøne blad.
Livet er ein treklatrande dans,
ein soldans for Han som skapar alle tre,
eit tredansarliv.

 

Kvinna og fuglen

Det var stormnatt. Då kom ein fugl på ruta.
Ein svart fugl med gult nebb. Ein svak, skrapande lyd mot glaset.
Noko var galt. Kvinna åpna vindauget.
Fuglen låg på karmen. Hjelpelaus. Skjelvande.
Med broten veng. Eit skremt hjarte under fjørdrakta.
Ein verkeleg vakker skapning likevel, tenkte kvinna.
Ho la fuglen i ei skoeske under divanen
før ho sjølv kraup til køys.
Men tanken på det vesle knøttet heldt henne vaken.
Ho måtte opp att og halde rundt fuglen endå ein gong,
stryke han varsomt med varme hender.
Det var lenge sidan ho hadde hatt slike kjensler for nokon.
Det var lenge sidan ho hadde stroke nokon slik.
Nå dukka denne skjelvande fuglekroppen opp
og fekk henne til å undre seg.
Ho som trudde livet var gått forbi henne.
Ei øm kjensle steig opp i henne 
og kom heilt ut i fingerspissane.
Var det av stormen utafor?
Eller tryggleiken innafor?
Eller medkjensle og innleving med
dette veike og døyande?
Ho stirde inn i dei skinande fugleaugene
og såg seg sjølv der inne.
Nå slo hjartet svakare.
Slik gjekk natta.
Då sola strekte seg opp over horisonten stilna stormen.
Fugleaugene slokna. Og kvinna somna. 


© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS