FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Arne Torp i Mållaget

 (11.05.2014)

Det var ein svært interessant kveld då Arne Torp var i Mållaget 29. april. Temaet var: "Ivar Aasen på Agder i 1840-åra og talemålet på Agder i dag - likt eller ulikt?"

Arne Torp gav oss god oversikt over Ivar Aasens besøk i landsdelen. Aasen fann ikkje mykje å skryte av på turen sørover langs kysten til Kristiansand. Men med reisa til Setesdal fann han ord og uttrykk som likna på gamalnorske eller islandske former, og den ubehagelege turen dit vart vel verd strevet!

Etter å ha fortalt om Aasen, gjekk Arne Torp over til egdemålet og dei store variasjonane ein finn også i dag. Det er stor skilnad på innlandsmålet og kystmålet, og det er stor skilnad på målet lengst i aust og lengre i vest.

Langs kysten er uttalen i dialektane mest som austlandsk, medan dei lenger mot sørvest vert stadig meir vestlandske både når det gjeld uttale og bøyingar. Høgtone- og lågtoneskiljet går t.d. i Høvåg. Skarre-r'en breier seg. 

Han var også inne på "heimedansken" ein uttale ein finn i nokre vendingar i Kristiansandsområdet, t.d.: "me-mme", dvs "med meg", snømmann, altså snømann.

Arne Torp er ein utmerka formidlar som verkeleg fekk publikum med seg. Etter matpausen svarte han på spørsmål frå salen, og det var tydeleg emnet hadde engasjert.

BUL-koret var med oss heile kvelden og dei starta med Vårvise av Halvdan Sivertsen. Til slutt framførte dei fleire songar på dialekt eller nynorsk. Med stor songglede og folkelege toner og tekster var dei med på å auke den gode stemninga i salen!

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS