FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Niels Henrik Abel - geniet frå Agder

 (18.09.2014)

Leiv Storesletten, styremedlem i Mållaget i Kristiansand og professor emeritus i matematikk ved UiA, heldt tysdag 16. september eit interessant foredrag om matematikaren Niels Henrik Abel, ein person som fortener å trekkast fram i nasjonsbygginga utover 1800-talet. 

Sjølv om Noreg hadde fleire store namn innan kunst, kultur og vitenskap på denne tida, var desse lite kjent utanfor Noregs grenser, og Abel vart sjokkert over dette då han kom til København som 19-åring.

Også denne kvelden var me så heldige å få BUL-koret til å framføre ulike songar. Etter ynskje frå føredragshaldaren hadde dei med For Norge, kjæmpers fødeland, og at det faktisk var nasjonalsongen på 1800-talet var ukjent for dei fleste av oss.

Niels Henrik Abel er født på Finnøy i 1802 og voks opp i Gjerstad der faren var prest. I 1815 vart han sendt heimanfrå for å begynne på katedralskulen i Christiania, men familien hadde svært dårleg råd, så både han og den eldre broren fekk friplass der. 

Til all lukke måtte den fyrste matematikklæraren på katedralskulen slutte, og klassen fekk Bernt Holmboe i staden. Holmboe såg at Abel hadde uvanlege evner i matematikk, og han underviste og rettleia han. Abel las nå store matematiske verk. Før han var 19 år, utleidde han ein formel der han viser at ei femtegrads likning ikkje kan løysast ved hjelp av dei fire rekningartane og rotteiknet.

I Christiania slo nokre private seg saman så han fekk reise til København og møte professor Degen. Men skulle han lære meir, måtte han vidare. Han skulle ha møtt Gauss i Gøttingen, men endra plan og dro til Berlin der han møtte Crelle. Storesletten undrast kva som hadde skjedd om han hadde møtt Gauss, for desse tenkte ganske likt. Men i Berlin vart han teken vel i mot, og då Crelle tok på seg å lage ein tysk vitskapsjournal, hadde Abel ferdig til publisering seks avhandlingar på tre månader!

Matematikkmiljøet i Paris var større og meir framståande enn i Berlin, men Abel kjente seg ikkje så godt motteken der. Ei lysande klar avhandling, Pariseravhandlinga, leverte han 13.10.1826, og han hadde grunn til å vente seg noko stort, men høyrde ingenting. Vonbroten drog han i slutten av året tilbake til Berlin og så til Christiania i 1827. Universitetet søkte departementet om stipend, men det var avslag. Han trong pengane for å hjelpe familien som han hadde stor omsut for. Universitetet tok difor av eigne fond slik at han fekk 200 specidaler.

I 1828 fekk han eit vikariat ved universitetet, men denne hausten var han ikkje i form, sterkt plaga av tuberkulosen. Likevel arbeider han og leverer ei avhandling den 6. januar 1829, berre tre månader før han døyr. To dagar etter dødsfallet kjem beskjeden frå Berlin om at han har fått ei professorstilling der! 

Ein ungdom ser ting på nye måtar og er ikkje så bunden som når ein vert eldre. Abel utvikla nye teoriar som snudde opp-ned på dei gamle. Ungguten frå Agder har vore inspirasjon for norsk forsking gjennom 200 år og har gjeve namnet til Abelprisen. Dei siste 11 åra har Det Norske Videnskaps-akademi delt ut Abelprisen for framifrå forsking, og det er den gjevaste av alle internasjonale prisar i matematikk. 

BUL-koret, som me var så heldige å ha med oss heile kvelden, avslutta med kjente og gode Prøysen-viser.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS