FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Mediespråk - bruk av engelsk og framandord i staden for god norsk?

 (16.10.2014)

Tysdag 14. oktober hadde Mållaget invitert til paneldebatt om mediespråk. Interessen for emnet var stor, nærare 60 frammøtte, og særleg var det moro å sjå så mange ungdomar.

Det var dyktige folk me hadde fått hit. Thore Roksvold, professor emeritus frå Høgskolen i Oslo og Akershus, var hovudinnleiar. I panelet elles sat Liv Iren Hognestad frå NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, Pål Tegnander frå NRK-Sørlandet og Kjetil Reite, journalist i Fædrelandsvennen.

Thore Roksvold er født i Hamar. At han snakka dialekt og ikkje stivt bokmål gjorde føredraget levande og interessant, og han var i det heile flink til å formidle kunnskap han sat inne med. 

Han starta med å spørje: Var alt betre før? Gjennom doktoravhandlinga som vart levert i 2005, tok han føre seg fem ulike aviser frå 1903, 1933, 1963 og 1993 og kom til at avisspråket ikkje var betre før. Det var tyngre og meir høgtideleg.

Når det gjeld framandord, skilde han mellom tyske innlån og latinske og greske. "Middelhavsord" kalla han desse, og dei er abstrakt medan dei tyske innlåna er heilt vanlege i konkrete ord. Frå 1903 og fram til 1993 hadde han funne ei svak stigning i "middelhavsorda", der også fransk og italiensk er med. Sjølv om det blir sagt at engelsken har overteke for mange norske ord, var det i 1993 mindre enn 1% engelsk.

Men kva gjer det eigentleg med fleire engelske ord? Det verkar ikkje som norsk er truga. Vi har t.d. overlevd alle dei tyske innlånsorda, hevda han. Vi byggjer samfunnet gjennom normer og reglar, og normene er - og må vere konservative. Historia forandrar samfunnet og dermed språket. Nokre språkendringar viser seg så sterke at dei slår ut den vanlege norma og blir ei ny norm. Det har skjedd i utviklinga frå norrøn tid og fram til nå. Vi hadde aldri skjønt språket til ein som snakka norrønt!

Fyrst ute av dei andre paneldeltakarane var Liv Iren Hognestad. Ho jobbar dagleg med studentar og ho fortalde at ho stadig presiserte at dei måtte tenkje på målgruppa når dei skreiv, slik at folk forstod det.

Før møtet hadde ho slått opp på Retriever og fått mange fleire treff på engelske ord enn norske, noko som ikkje er spesielt gledeleg. 

Pål Tegnander jobbar som språkkontakt i NRK-Sørlandet. Gjennom P3 t.d. er det stort press på det norske språket. Slang breier om seg blant ungdomen, men NRK er ganske bra og vel norske ord mest mogeleg.

Kjetil Reite siterte Springer i den tyske avisa Bild: Det viktigaste er kontakten med lesaren! I Fvn blir framandord blir mykje brukt, og det kan kome av at journalisten vil sitere politikarar eller næringslivsfolk rett når dei vert intervjua. Desse gruppene har dermed mykje makt over det som blir skrive!                                                                

Etter kaffipausen var det høve til å kome med spørsmål til panelet, noko fleire nytta seg av.

Med internett er det naturleg at mykje engelsk blir brukt, og det er difor viktig at NRK og aviser bruker norske ord, men dette er ikkje alltid like lett. Ord som "app", applikasjon, er blitt heilt vanleg i samband med mobiltelefon, men som Roksvold nemnde, har det norsk bøying og heiter ikkje apps i fleirtal.

Panelet slutta seg til Roksvold då han til slutt presiserte at mediespråket må vere enkelt, presist, korrekt og nyskapande.

Det var eit interessant lagsmøte som fekk ein til å tenkje meir over språkutviklinga i eit samfunn og språket ein sjølv bruker.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS