FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Vårprogrammet 2015

 (23.12.2014)

Hjarteleg velkomen til mållagsmøta våren 2015.

Lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer. Lagsmøta tek til kl 19 og er sjølvsagt opne for alle. Eitt unntak er årsmøtet som berre er for medlemer. Årsmøtet vert den 17. februar. 1. februar vert det dessutan nynorsk salmekveld i Kristiansand Domkyrkje kl 19.30. Organistane i Domkyrkja blir med, og kyrkjelyden får høve til å synge mange av dei gamle og nyare salmane som er blitt med i den nye salmeboka. 17. mars kjem Gudlaug Nedreli, professor i norsk språkvitenskap ved UiA og skal snakke om namnerenessansen i norske personnamn. Eit forfattarbesøk vert det denne våren også: 14. april kjem Alfred Fidjestøl og fortel om Asker-kretsen og boka som han gav ut i 2014: Frå Asker til Eden. Historia om Asker-kretsen. Cand.theol. Gunvor Lande skal halde preika i Kristiansand Domkyrkje 31. mai, og som alltid er det kyrkjekaffi i Mållagssalen etter gudstenesta.


  • 2. januar: Styremøte
  • 13. januar: Lyrikk
  • 20. januar: Lagsmøte: Marit Aakre Tennø, leiar i NM, vil vitje Mållaget.
  • 27. januar: Lyrikk
  • 1. februar: Nynorsk salmekveld i Kristiansand Domkyrkje kl 19.30
  • 3. februar: Styremøte
  • 10. februar: Lyrikk
  • 17. februar: Årsmøte
  • 24. februar: Lyrikk
  • 3. mars: Styremøte
  • 10. mars: Lyrikk
  • 17. mars: Lagsmøte. Gudlaug Nedrelid frå UiA vil halde føredrag med tittelen: «Namnerenessansen. Om norske personnamn»
  • 24. mars: Lyrikk
  • 14. april: Lagsmøte. Forfattar Alfred Fidjestøl: " Frå Asker til Eden. Historia om Asker-kretsen.
  • 21. april: Lyrikk
  • 28. april: Styremøte
  • 5. mai: Lyrikk
  • 17. mai. Tale og kransnedlegging ved bysta til Jørgen Løvland i Wergelandsparken kl 13.
  • 31. mai: Nynorsk gudsteneste i Kristiansand Domkyrkje ved cand. theol. Gunvor Lande. Kyrkjekaffi i Mållagssalen etter gudstenesta.
  • 9. juni: Styremøte

 

Nærare presentasjon av føredragshaldarane våren 2015 i Mållaget:

Marit Aakre Tennø, f. 1977 i Brattvåg i Haram kommune på Sunnmøre, er filmvitar, og frå 2013 leiar i Noregs Mållag. Ho har vore dagleg leiar i Kringkastingsringen, og har vore prosjektleiar for eit svært vellukka tilflyttingsprosjektet i Jostedalen. Frå 2012 hadde ho eit engasjement som norskfagkonsulent i Noregs Mållag.

Gudlaug Nedrelid, f. 1952 i Jostedal, er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder. Eitt av hovudområda i forskinga hennar er personnamn, som ho mellom anna har skrive om i doktoravhandlinga si: Ender og daa ein Aslaksen eller Bragestad. Etternamnsskikken på Sør- og Vestlandet (1998). I føredraget i mållaget vil ho snakke om historiske endringar i norske personnamn. Ho konsentrerer seg særleg om det som har blitt kalla den nordiske namnerenessansen, ei utvikling i siste halvdel av 1800-talet då nasjonalromantikk og nasjonsbygging inspirerte mange til å gi borna namn som kunne førast tilbake til sagatida, slik som Sigurd, Sverre, Hjørdis, Gudrun, osv.

Alfred Fidjestøl, f. 1973 i Bergen, er utdanna filosof, og har arbeidd som journalist og fagbokforfattar. Fidjestøl har blant anna skrive biografi om Per Sivle og historia til Det Norske Teatret. I 2014 fekk han Sultprisen. Føredraget hans i Mållaget baserer seg på boka Frå Asker til Eden. Askerkretsen 1897-1924, som han gav ut i 2014. Han presenterer emnet sitt slik:

«Den såkalla Asker-kretsen omkring Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik på Labråten i Hvalstad i Asker, var ein kulturpolitisk maktfaktor som har vore med å endre og påverke korleis Noreg ser ut den dag i dag. Eit lite og skiftande miljø bygde herfrå opp den riksdekkande landsmålsavisa Den 17de Mai, det alternative nasjonalteatret Det Norske Teatret, ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon og sette i verk ei rad større omsetjingsprosjekt, frå Homer til Holberg. Dei arbeidde med å gjere det norske folket meir heime i sitt eige land, samstundes som dei etter opprivande oppvekstar og vaksenliv freista å etablere personlege heimar for seg sjølve og familiane sine. Berre kilometer unna den parallelle Lysaker-kretsen, omkring mannsidolet og polfararen Fridtjof Nansen, putla ein sjukeleg og hypokondrisk gjeng landsmålspionerar i åkeren, og freista å omskape ein konkret hage i Asker til ein Edens hage for det nye Noreg.»

Gunvor Lande, f. 1937 i Ål i Hallingdal, skal halde preika på nynorskgudstenesta i Domkyrkja. Ho er cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo 1965 og blei ordinert til prest i 1987. Ho var misjonær og universitetslektor i Japan 1965–80, og arbeidde seinare ved Institutt for kristen oppseding (IKO) og i Mellomkyrkjeleg råd. 1993-2007 var ho tilsett ved Høgskolen i Agder. Gunvor Lande har hatt eit stort engasjement for kvinners stilling i kyrkja, og har vore leiar for «Rådgjevande komité for kvinnespørsmål» i Det Lutherske Verdsforbundet. Doktoravhandlinga hennar frå 2002 hadde tittelen Visjonen om likeverdet. Det økumeniske tiåret 1988-1998. Kyrkjer i solidaritet med kvinner i El Salvador og Norge, Kenya og Japan.

 

 

 

 

Styret
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS