FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nytt år og nynorske bøker på Skarpengland

 (08.01.2015)

Andre skuledagen i 2015 starta med nynorsk for 7. klasse sjølv om det til vanleg står gymnastikk på planen. Men ein positiv lærar hadde på førehand gjeve dei god informasjon om denne endringa.

Det var difor interesserte elevar som fylgde svært godt med då eg presenterte eit lite utval av bøkene eg kom med.

 

Før dei gjekk i gang med å låne, fekk dei ein liten pause , og det gjekk fort at dei fleste fann noko dei ville lese.

Sidan bøkene vart flytt til eit anna rom etter presentasjonen, fekk eg snart spørsmål om kor hestebøkene var. Den eine boka var blitt liggande igjen i ein plastpose!

Forfattaren til desse hestebøkene er Anne Viken som sjølv er utdanna veterinær. Ho har skrive spennande bøker om ungdomsskulejenta Elise som i feriane er med onkelen som assistent.

No skal dei låne bøkene i tre veker, og all leselekse skal i perioden vere nynorsk. Det verka iallfall som at fleire tykte dette var bra og trudde slett ikkje det vart vanskeleg.

Å lese nynorsk er nok mykje lettare enn å skrive det, men alle skal til slutt få prøve seg på å skrive bokomtale.

Om tre veker skal eg dit igjen, og då vert det spennande å høyre korleis det har gått. Det skal trekkast bokpremie, og då kan dei velje mellom bøkene eg har teke med.


 


 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS