FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, vitja Mållaget i Kristiansand tysdag 20.januar

 (21.01.2015)

Om lag tretti tilhøyrarar trassa dårleg ver med snø og sludd og kom til Mållaget for å høyre henne tale om nynorsk og målsak.

Ho leverte eit engasjert foredrag med mange tal og vising til statistikk, då særleg over stoda i Vest-Agder.

I fylket er det berre to kommunar med nynorsk som administrasjonsspråk. Seks er språknøytrale, men i røynda er det bokmål som blir mest nytta fordi tilsette ofte manglar nynorskkunnskap.

Det er fem kommunar i Vest-Agder som har nynorskelevar i grunnskulen, men berre to av desse er nynorskkommunar. Dei tre andre er språknøytrale. Som andre stader i landet, er det få av elevane i ungdomsskulen som byter over til bokmål. Det er når dei begynner på ein større sentralskule og hamnar i mindretal, at skiftet skjer. Det meste av undervisninga der er på bokmål, og dersom heller ikkje dei nynorske lærebøkene er på plass, skal elevane vere svært bevisste om dei held fram med å skrive nynorsk.

Ho kom med ei god samanlikning om at presset frå bokmål er som ei bylgje, som eit sug der dei store vinn over dei små. Omfanget av bokmål avgjer stoda til nynorsk. Område der nynorsken er det naturlege språket, der styrker han seg. Nynorsken treng ein språkpolitikk som kompenserer for bokmålspåverknaden, og nynorske kommunar fungerer som eit vern.

Ho peika på året 2015 som det store sentraliseringsåret. Kommunane startar no arbeidet med kven dei skal slå seg saman med. Nynorsken har sterkast feste utanfor dei store byane, og posisjonen til nynorsk vil bli utsett i storkommunar! Administrasjonsspråket blir avgjort av kommunestyret ved fleirtalsvedtak. Noregs Mållag arbeider for å gjere regjeringa merksam på dette, og mållaga lokalt har ei viktig oppgåve med å få dette fram ved t.d. innlegg i avisa.

Ho kom også inn på at nynorsk er eit eige språk med røter attende til gamalnorsk, noko ikkje alle er einige i. Dei som tok ordet, meinte at me har eitt språk, men to ulike skriftformer.

Andre spørsmål frå salen var t. d. gode argument for å få 14-åringar til å skjøne kvifor skrive nynorsk, og her kom fleire svar både frå føredragshaldaren og salen: Det er eit språk for vanlege folk og ein viktig del av kulturarven. For å lære eit språk, må ein skrive det. Dessutan må ein ha lært båe skriftformene for å kunne velje om ein vil nytte nynorsk eller bokmål.

I kaffipausen var me så heldige at to musikkstudentar frå UiA underheldt oss med song og spel. Det var Johannes Wiegaard på piano og Kristin Ljosland med song.

Kristin er ei svært triveleg jente og ein ihuga nynorskbrukar frå Åseral, og ho fortalde at både ho og Johannes sette stor pris på å kome i eit mållag og synge og spele.

Kvelden vart avslutta med "Den fyrste song", stemningsfullt og nydeleg framført.

 

Solveig Lima
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS