FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk på Strømme skole

 (20.02.2015)

Elevane på 7. trinn på Strømme skole har no hatt nynorsk på timeplanen i 3 veker. Dei hadde tydelegvis funne mange interessante bøker, og lesinga hadde gått svært greitt.

Det er fyrste gongen Mållaget har vore på Strømme med nynorskbøker, og det var ei positiv oppleving.


Dei viste ivrig fram bøker dei hadde lese og tykte var bra. Fleire ulike bøker vert trekt fram, og her finn ein både fagbøker og skjønnlitteratur.

 

 

Eg hadde også med mange biletbøker, og ein av lærarane framheva at innhaldet vert lettare å skjøne med bilete.

Det var difor ein fin måte å starte med nynorsk på. Nokre ord kunne vere vanskelege, og då var det greitt å få hjelp enten av læraren eller bileta.

I løpet av leseperioden skulle alle skrive ein bokomtale for å trening i å skrive nynorsk.

 

Dei skulle også ha sjanse til å vinne ei bok, og fire elevar vart trekt ut. Dei fekk velje mellom bøkene eg hadde teke med, og dei visste fort kva dei ynskte. Det vart tre spenningsbøker og ei vitsebok som vart valde.

Eit par av elevane kommenterte at det var kjempefint å få noko å lese i til vinterferien. Nokre ville også gjerne ta ein tur til biblioteket i byen for å låne bøker dei ikkje vart ferdig med.

I det heile svært entusiastiske og positive elevar, noko som i høg grad skuldast lærarane si positive haldning til nynorsk!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS