FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Stor takk til Olav Molland

 (22.05.2015)

Kor hadde Mållaget i Kristiansand vore utan innsatsen til Olav i over 50 år? På generalforsamlinga 20. mai i Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS vart han takka med gode ord og blomar.

 

Foto: Borghild Løver

Olav er bankmann av yrke og har heile tida vore til uvurderleg hjelp for drifta av Mållagsbygget og dermed for målarbeidet.

I år 2000, då det såg mørkt ut med leigetakarar som flytte ut, var han pådrivaren for å forhandle med BUL som trong nytt hus. BUL fekk kjøpe heile 2. etasje i Mållagsbygget, og Olav vart leiar i "Sameiget" mellom BUL og Mållaget.

Olav var også i mange år styreleiar i Mållaget sitt forretningsstyre, og etter godt samarbeid med tidlegare formann, styremedlem og forretningsførar Oddmund Viken, fekk bygget etterkvart nye leigetakarar og dermed svært god inntekt til beste for målarbeidet.

Leiar i Mållaget var personleg ansvarleg for millionverdien som huset utover 2000-talet kom opp i, og Olav såg heile tida føre seg at det burde stiftast eit lutlag.

På årsmøta i 2013, etter fleire år med tankar og forslag, vedtok både BUL og Mållaget å gå saman i eit aksjeselskap. Til styret i aksjeselskapet var Olav sjølvskriven som leiar, og 2014 var det fyrste ordentlege driftsåret.

Alt ligg vel til rette for ei god drift vidare, og nestleiar Ole Steffen Gusdal, som har samarbeidd tett med Olav, vart på generalforsamlinga i 2015 vald til leiar.

Ingen har så mykje kunnskap om bank og forretningar som Olav, så han vil nok også i framtida vere god å ha til å rådføre seg med.

Han har alltid vore sprek og har mange interessar, og me ynskjer han alt godt i åra som kjem.
 

                        Foto: Borghild Løver

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS