FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Kyrkjekaffi i Mållaget sundag 31. mai 2015

 (01.06.2015)

Ei gudsteneste med nynorsk liturgi i Kristiansand domkyrkje har vorte tradisjon sidan 2010. Då vitja Edvard Hoem Kristiansand i høve 125 års-jubileet for domkyrkja, og han heldt preika.

I år var det cand.theol. Gunvor Lande som heldt ei fin preike over temaet språk. Morsmålet Jesus brukte, var aramaisk, slik det var vanleg på den tida. Læra Jesus forkynte vart spreidd utover verda på mange språk. Morsmålet har mykje å seie for kor godt ukjent lære blir teken imot. Då kristendomen kom til Noreg, var det norrønt tungemål som vart brukt, men biskopar utover på 1200-1300 talet meinte det var latin som skulle gjelde. Det var med og skapte avstand mellom kyrkja og vanlege folk.

Etter gudstenesta var det ca 70 personar som kom innom Mållagssalen for å vere med på kyrkjekaffien der. Leiv Storesletten ynskte folk velkomen og fortalte litt om Ivar Aasen. Han var ingen pusling slik mange har inntrykk av, men det kom kanskje av at han brukte lite pengar på seg sjølv. Han var den fyrste i Noreg som fekk statsstipend, og dette gav han ei sikker inntekt.

Storesletten intervjua også Gunvor Lande og fortalde at då han møtte henne fyrste gongen, var det som Gunvor Traa på landsgymnaset på Voss. Etter gymnaset studerte ho teologi ved Menighetsfakultetet, og her fekk ho merke skepsisen mot kvinnelege prestar.

I 1965 drog ho saman med mannen, Aasulv Lande, til Japan som misjonær og universitetslektor, og dei var der til 1980. Tidene hadde forandra seg, og ho vart ordinert til prest i 1987. Ho gav seg ikkje med dette, men tok teologisk doktorgrad i 2002 med avhandlinga: Visjon om likeverdet.

Det er andre gongen ho besøker i Mållaget i Kristiansand, og me er svært glade for at ho kunne kome til Domkyrkja og halde preike og vere med oss på kyrkjekaffien.

Soknepresten i Domkyrkja, Aud Sunde Smemo, hadde ordet til slutt. Ho var glad for samarbeidet med Mållaget og lova at det alltid ville vere ei nynorsk salme på gudstenestene framover.

Tradisjonen som Ragnhild Mydland frå Mållaget saman med menighetsrådet i Domkyrkja starta i 2010, har vist seg å vere liv laga!

Solveig Lima
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS