FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk lovspråk

 (23.09.2015)

Dag Bjørke Bremer, nyvald leiar i Juristmållaget, heldt tysdag 22. september eit interessant føredrag om nynorsk lovspråk med undertittel: "120 år med nynorsk lovspråk, 1895 - 2015". Han var svært god til formidle eit emne som i utgangspunktet kan vere uforståeleg og tørt. Han er født og oppvaksen på Ellingsøya i Ålesund og heldt dermed føredraget på eit framifrå nynorsk. 

Til dagleg jobbar han i toll-og avgiftsdirektoratet. Han nyttar nynorsk så mykje som mogeleg på arbeidsplassen, men tidspresset gjer at det ikkje alltid er enkelt å nytte det like mykje.

Føredragshaldaren starta med ein historisk gjennomgang av lovspråket, der Stortinget i 1885 med stort fleirtal vedtok jamstillingsvedtaket.

Fyrste lov på nynorsk kom i 1895 med Normaltidlova. Alle stader i Noreg skulle ha same tid, noko som ville vere bra i høve til turismen og t.d. jernbanen til Sverige. I Kristiansand vart klokka stilt 28 min. fram!

I 1897 kom ei oppmoding frå 131 ungdomslag om at alle lover skulle vere på begge mål. Justisnemnda føreslo likevel at lover om landlege tilhøve skulle vere på landsmål, mens tilhøve som gjaldt forretningsverda skulle nytte riksmål. Manntallslova blei føreslått på båe mål i 1899, men Stortinget fylgde ikkje opp. Det var nok med eit vedlegg på landsmålet!

Nikolaus Gjelsvik (1866 - 1938) var grunnleggar av det nynorske rettsmålet. I 1902 skreiv han Grunnlova om til landsmål., og han skreiv også fleire juridiske lærebøker på landsmål, m.a. juridisk ordliste.

Elles vart det etterkvart slik at saksordføraren i lovkomiteen var den som bestemte kva mål lova skulle leggast fram på. Svalbardlova av 1925 kom såleis med nynorsk tekst. Det same gjaldt arvelova sjølv om grunnlaget var på bokmål.

Mållova av 1930 gav lovheimel for jamstelling i statstenesta og vart avløyst av Mållova av 1980. Bruk av nynorsk i lovspråket hadde ein stor auke i 1945, men det kom også mange nye lover då. Får komiteen no ei lov på bokmål, er det ikkje ressurs til omsetting. I prinsippet er det fleirtalet i komiteen som avgjer målforma. Når det gjeld framlegging av stortingsdokument frå 2013, er det landbruksdepartementet som leiar med 80 % nynorsk, medan kulturdepartementet har 5 % av dokumenta på nynorsk!

Kjenneteikn på nynorsk lovspråk er korte og enkle setningar som er lette å forstå, medan bokmålstekster legg gjerne til eit par ekstra ord. Aktiv ordbruk og mindre bruk av passiv er også kjenneteikn ved nynorsk tekst. Vebaluttrykk, t.d. "fatte eit vedtak" istadenfor " vedta" gjer at teksta høyrest meir "autoritetsaktig" ut. Ein fordel med å bruke nynorsk, er at ein unngår klisjear. Nynorsken ligg nærare folkeleg talemål!

I 2007/2008 la Finn Erik Vinje og Carl I. Hagen fram Grunnlovsforslag nr 16, skrive i moderat bokmål. Stortinget avviste utkastet 21.5.2012 fordi det skulle vere to likestilte versjonar av Grunnlova. Graver-nemnda vart nedsett, og medlemene fekk ein frist på 3 månader til å kome med framlegg på nynorsk. Eit imponerande arbeid vart utført, noko dei i vår fekk Målprisen for.

Heilt til slutt vart det opna for spørsmål, og mange nytta høvet til å kome med det.

Me var så heldige å ha BUL-koret med oss også denne gongen.  Dei opna med folkevisa Det står ein friar, og etter føredraget fekk me høyre både svenske og nynorske songar.Med stor songglede og godt humør framførte dei til slutt ein bruremarsj frå Øre (Nordmøre).

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS