FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Hjarteleg velkomen til mållagsmøta våren 2016

 (10.11.2015)

Lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer. Lagsmøta tek til kl 19.00 og er sjølvsagt opne for alle. Eitt unntak er årsmøtet som berre er for medlemer. Årsmøtet er den 16. februar kl. 19.00.

19. januar kan de møte redaktøren i Setesdølen, Sigurd Haugsgjerd som kåserer om dei nærare 40 åra han har budd i Setesdal. 15. mars kjem språkvitar Kristin Fridtun til Mållaget. Ho er nok kjent for mange gjennom språkspalta i "Dag og Tid": Ord om språk.

Mange har kanskje lese bestseljaren "Mi briljante venninne" av den italienske forfattaren Elena Ferrante. Kristin Sørsdal vil 19. april ta føre seg forfattarskapen og omsetjinga av bøkene hennar.

Salmekvelden i Domkyrkja vert annonsert seinare.

Januar:

  • 12. Lyrikk/styremøte
  • 19. Lagsmøte. Kåseri ved redaktør i Setesdølen, Sigurd Haugsgjerd. "Folk og folkehumor frå Setesdal og indre bygder"
  • 26. Lyrikk

Februar:

  • 02. Styremøte
  • 09. Lyrikk
  • 16. Årsmøte
  • 23. Lyrikk

Mars:

  • 01. Styremøte
  • 08. Lyrikk
  • 15. Lagsmøte. Språkvitar Kristin Fridtun kåserer: «Veit du kva du snakkar om?»
  • 22. Lyrikk

April:

  • 05 Styremøte
  • 12. Lyrikk.
  • 19. Lagsmøte. Forfattar og omsetjar Kristin Sørsdal: «Elena Ferrante - den eventyrlege reisa bak ein eventyrleg og gåtefull boksuksess»
  • 26. Lyrikk.

Mai:

  • 03. Styremøte
  • 10. Lyrikk
  • 17. Kransnedlegging ved bysta til Jørgen Løvland v/Ellen Sæther
  • 22. Nynorsk gudsteneste i Kristiansand Domkyrkje ved Olav Mosdøl. Kyrkjekaffi i Mållagssalen
  • 24. Styremøte

Kort presentasjon av føredragshaldarane våren 2016:

19.1.Kåseri ved redaktør i Setesdølen, Sigurd Haugsgjerd: "Folk og folkehumor frå Setesdal og indre bygder"

Sigurd Haugsgjerd (f.1951) er oppvaksen i Hægebostad og har vore redaktør av Setesdølen frå 1. mars 1976. Han har også arbeidd i avisa Gula Tidend i Bergen og vore programsekretær i NRK Dagsnytt.

I tilleggg til å vere redaktør, eig han ein stor del av avisa.

I 2009 gjekk Nynorsk næringslivspris frå Mållaga på Agder til avisa Setesdølen. Setesdølen er ei avis som konsekvent brukar nynorsk. Opplagstalet har halde seg omtrent på same nivå som i 2009, noko Haugsgjerd kan vere stolt av.

I tida i Bygland har Haugsgjerd vore engasjert i Bygland Mållag, Bygland sogelag og Bygland IL.

15.3. Kåseri ved språkvitar Kristin Fridtun: «Veit du kva du snakkar om?»

Kristin Fridtun (f.1987) er oppvaksen på Elverum og bur no i Bergen. Master i nordisk (norrøn filologi), årstudium i latin og litteraturvitskap frå Trondheim, NTNU.

Fridtun likar å utforska vanlege ord og uttrykk på uvanlege måtar. Korleis kan du springa fort når du «tek føtene på nakken»? Kvifor seier me at nokon har «ei varm stemme»? Og visste du at ordet muskel eigentleg tyder 'lita mus'?

Gjennom frisk og frimodig bruk av etymologi og biletlege seiemåtar set Fridtun fingeren på alt det merkelege me seier utan å vita om det.

Fridtun er språkspaltist i Dag og Tid og sakprosaforfattar. Hen har mellom anna skrive bøkene Norsk etymologisk oppkok (2012) og Nynorsk for dumskallar (2013).

19.4. Føredrag ved forfattar og omsetjar Kristin Sørsdal:

«Elena Ferrante - den eventyrlege reisa bak ein eventyrleg og gåtefull boksuksess»

Kristin Sørsdal (f.1966) er oppvaksen på Tromøy ved Arendal. Ho har studert italiensk ved Universitetet i Bergen og tatt årsstudium ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. I 2010 gav ho ut Makabre bikkjer på Samlaget. I 2013 kom Guds hund.

I Bergen var ho lærar, men sa hausten 2014 opp jobben og kvitta seg med nesten alt for å reise til Napoli. Her måtte ho leve og sjå bydelen føre seg når ho skulle ta fatt på omsetjinga av bøkene til den mystiske italienske forfattaren som skriv romanar om Napoli under psevdonymet Elena Ferrante. Sørsdal kjempa i fem år for å få omsetje Ferrante til norsk, før klarsignalet kom frå Samlaget, som ville sikre seg bøkene som har skapt "Ferrante-feber" både i USA og Europa.

Kristin Sørsdal snakkar i føredraget sitt om ein forfattarskap som brått blei ein suksess også utanfor Italia, om vegen til ei omsetjing på nynorsk, om korleis den uregjerlege byen Napoli bøyer seg for ei omsetjing på eit framandt og dialektbasert skriftspråk, om veven av trådar som flettar seg frå Ferrantes debutbok i 1992 til dei fire bøkene av i dag om vennskapen mellom Elena Greco og Raffaella Cerullo. Til slutt blir det kanskje tid til dei utelatne fotnotane til bok 3 Dei som flyktar og dei som blir (mars 2016), der bakteppet for liva til Lenù og Lila er eit kaotisk Italia prega av syttitalets tru på omvelting.

22.5. Nynorsk gudsteneste i Kristiansand Domkyrkje ved Olav Mosdøl.

Olav Mosdøl (f.1937) er oppvaksen i Bykle og bur no i Telemark. Han er forfattar, lyrikar og tidlegare lærar. Mange av tekstene hans er det sett musikk til av ei rekkje tonekunstnarar. No er han forfattar på heiltid.

Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Kvite symrer. Gjennombrotet som forfattar kom i 1979 med samlinga I Lydeskar. Mosdøls forfattarskap er knytt til røter, til natur og landskap som han kjenner frå Setesdal og Telemark.

På nettsida Nyesalmer.no finn ein fleire salmar av han, m.a. I aust renn dagen, ein morgonsalme med bøn for oss og jorda.
 

Styret
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS