FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Stadnamn. Verd å verne, men korleis?

 (20.11.2015)

Vidar Haslum, språkforskar ved UiA, heldt eit engasjerande føredrag om stadnamn tysdag 17. november i Mållaget. Eit interessert publikum på ca 30 frammøtte fylgde frå fyrste stund ivrig med.

Føredragshaldaren synte ei stor glede med det han driv på med, og som han sa: "Stadnamn er interessante minnesmerke etter ei tid som var". Frå han var ganske ung, var han svært interessert i stadnamn, kva dei tyder og korleis dei har oppstått. Hovudoppgåva hans frå 1996 dreier seg om stadnamn i Birkenes kyrkjesogn og byggjer på innsamling frå slutten av sytti-talet.

Stadnamna har ein ordrikdom som gjer at framtidige generasjonar kan forstå innhaldet i historiske dokument. Dei kan gje verdifull informasjon om busetting og opphavet til namnet. Djupinnsamlingar i regi av historielaga, er difor svært viktige. Der får dei ofte med mange smånamn som er veldig gamle.Det eldste byttebrevet i Noreg som er bevart, er frå Kvinesdal frå 1292. Der er nemnt namnet Sauetona.

Korleis namna vert skrivne, har endra seg mykje. Skriftformer frå før 1500-talet er ofte verdifulle når det gjeld tolking. Dei var ikkje så påverka av dansk. Eit døme frå Evje: Biora frå 1420 som vart til Bieffueraa i 1610, og Bjorå nå.

Normering av stadnamn har det vore sidan 1800-talet. Namnet måtte vere gjenkjenneleg og fungere bra i kommunikasjon mellom embetsmann og bonde. Fornorskingspolitkken på 1900-talet tok utgangspunkt i nedervd lokal uttale, og det kom fleire forskrifter om stadnamn fram til Lov om stadnamn frå 1991

Føredragshaldaren trekte fram fleire personar som har hatt mykje å seie for stadnamngranskinga i Noreg. Oluf Rygh (1833 - 1899) var grunnleggaren av norsk stadnamnforsking. Han leitte opp namna i eldre kjelder og samla inn lokal munnleg uttale. Gamle naturnamn gjev meining og kan forklare oss i dag kva namnet tyder, t.d. Åmdal som kjem av Almadalir, Fidje som kjem av Fidja, ei fuktig slette.

Målmannen Gustav Indrebø (1889 - 1942) vart også nemnt. Han var med og oppretta Norsk stadnamnarkiv i 1921. Elles har det vore fleire hovudfagsoppgåver frå Agder om stadnamn i seinare år. M.a. leverte mangeårig medlem i Mållaget, Ole Bernt Syvertsen, ei hovudfagsoppgåve i 1952.

Eit framfrå arbeid for Økonomisk kartverk vart gjort av Leiv Hoven i Vest-Agder og Steffen Mjåland i Aust-Agder på 1970/80-talet. På karta dei laga tok dei med mange fleire stadnamn enn dei eigentleg skulle, noko som ettertida har nytt godt av.

Med bandopptak og skriftleg nedteikning viste han fram gode og grundige intervju han hadde gjort for 30 år sidan. M.a. spelte han av eit opptak med ei kvinne født i Birkenes i 1916. Der får me høyre han samtaler med henne, og korleis han forsikrar seg om at namnet ho peikar ut, kjem på rett plass på kartet han teiknar. Han fortalte at han aldri brukte ferdige kart, men skreiv opp stadene og teikna karta for hand i alle intervjua.

Etter foredraget var det mange spørsmål om stadnamn frå distriktet, og han gav gode svar. Ofte er det usemje om skrivemåten. M.a. fekk me vite at å skrive Tofdalselva med f er ein eldre skrivemåte enn Topdalselva med p som mange i Tveit seier. I dei indre bygder er det Tovdalselva.

Det var stort engasjement, men kaffien venta, og dei frammøtte kunne diskutere vidare ved bordet.

Allsong med stadnamn måtte me ha, og me var så heldige å ha fått Lasse Stray med oss til å spele piano.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS