FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorskprosjektet i 7. klasse på Skarpengland

 (30.11.2015)

Nynorskprosjektet vart avslutta med utdeling av diplom og trekking av bokpremie. Alle elevane hadde gjort ein svært god innsats, og då fortente sjølvsagt alle ein diplom.

To frå kvar klasse vart trekt ut som vinnarar av bokpremie. Dei kunne velje mellom bøkene eg hadde hatt med til bruk i leseperioden, og dei valde desse: Vaffelhjarte, Svarte Matilda I og Skammarens dotter (2 eks).

Alle hadde skrive gode bokomtalar, og det var moro å sjå at desse var skrivne på nynorsk. Tre av elevane kom fram og las kvar sin bokomtale. Svært bra!

Elevane gav uttrykk for at dei i perioden hadde lært mange nynorske ord og at det gjekk svært greitt å lese dei nynorske bøkene. Bøker som vart trekt fram, var Knoterud- serien til Lars Mæhle, Tonje Glimmerdal av Maria Parr, Svarte Matilda-bøkene av Tor Arve Røssland.

Dessutan var fleire interessert i 2. verdskrigen, og då er Historier om krigen av Harald Schønsberg svært informativ. Fagbøkene om dyr av Egil Hyldmo er bra, men fleire gav uttrykk for at det var litt for mykje tekst i desse.

Mange starta på biletbøker, men gjekk etterkvart over til bøker med meir tekst på kvar side. Det vart ei god leseoppleving når dei fann spennande bøker dei bare "måtte" lese ut.

Trinnet har ein svært effektiv norsklærar som er interessert i faget og har fylgt dei godt opp. I tillegg til leselekse, har dei lese fast ein time i veka på skulen, og mykje tid må også ha vore sett av til bokomtalar. "Hangman" med nynorske ord vart m.a. nytta som variasjon i undervisninga.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS