FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Julemøte i Mållaget 8. desember 2015

 (09.12.2015)

"Nordisk jul i song og musikk" var temaet Emil Otto Syversen hadde vald til julekåseriet. Med seg hadde han Olaf Moen til å synge medan han sjølv akkompagnerte. Dette gav ei levande og god framstilling av gamle, kjende julesongar.

Møtet starta med at folk gjekk og forsynte seg frå langbordet der middagen stod. Pinnekjøtet frå Studenten Catering lukta godt, og denne varme julemiddagen i ein  festpynta sal skapte ei god stemning for dei nærare 50 gjestene.

Under desserten tok Emil Otto Syversen til med kåseriet, og mykje av det han fortalde, var henta frå Oddgeir Bruasets bok: "Det lyser i stille grender".  T.d. skapte den kjende julesongen: "Fra fjord og fjære" rabalder då han vart skriven i 1856. Teksten var luthersk, men det danske kyrkjespråket vart øydelagd med det språket som Landstad brukte, meinte biskopane, og kritikk var det også mot innhaldet. Ein skulle ikkje synge om "armods" hytter og øydelegge julestemninga!

Om "Mitt hjerte alltid vanker", frå 1732 av Brorson, sa føredragshaldaren at han alltid tenkte på denne songen når "Juleoratoriet" frå 1734 av Bach vart framført. Dei seks kantatene i "Juleoratoriet" handlar om det same! Bruaset poengterer at desse salmene er skrivne for å oppdra folk. Ein skulle vere alvorlege i jula!

Nynorske songar vart det fyrst med Elias Blix, f. 1836 i Nordland. Det var han som skapte det nynorske kyrkjespråket. Med  "Kling no klokka" er me i Noreg! Her kan ein kjenne seg igjen, og songen er lett å lære ved at det er brukt rim og gjentaking. Olaf Moen song fyrst songen i ei gammal folketone før han nytta den vanlege melodien, ei folketone frå Oppdal. I fylgje Ingebjørg Liestøl hadde kvart dalføre for 100 år sidan sin eigen melodi på julesongane dei bruka i heimane.

Heilt til slutt viste Emil Otto Syvertsen fram ei side frå Fædrelandsvennen i 1996, frå den tida han var journalist der. Der hadde han intervjua Gyro Ljosland frå Åseral som fortalde om juleskikkane då ho var lita. M.a. hadde dei ikkje kyrkje, og dermed inga klokke som kunne ringe jula inn. Men klokka fem julaften skaut dei jula inn i staden for klokkeringing!

Kåseriet vart avslutta med "Det lyser i stille grender", og Emil Otto og Olaf fekk blome og gåve. Møteleiaren ,Tobbi Kvaale, takka for den fine framføringa, og mange av gjestene gav etterpå uttrykk for at både kåseri og song hadde gjeve dei ei fin stund i Mållaget.

Men julemøtet var ikkje slutt med dette, og folk fekk no høve til å strekke litt på seg. I gangen var det sal av gamle bøker. Mange gjekk rundt og kikka, men også nokre kjøpte.

Emil Otto gjekk etter ei lita stund i gang med å spele piano, medan Olaf stilte seg ved juletreet og stemte i med ein julesong. Etterkvart auka det på med folk som ville gå rundt treet, og alle songane var sjølvsagt på nynorsk.

For dei som heldt ut, var det kaffi og til og med heimebaka kransekake ved småbord, og praten gjekk livleg. Utlodding høyrer også med på julemøta våre, og nokre heldige kunne i ti-tida gå heim med skrapelodd eller julestjerne!

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS