FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Utlysing av journaliststipend 2016-2017

 (12.09.2016)

Søknadsfrist er 10. oktober

Mållaget i Kristiansand tilbyr stipend til journaliststudentar som ynskjer å nytte nynorsk i studiet og seinare i arbeidslivet. Stipendiaten kan få opp til kr 10 000,- per studieår i inntil tre år. I tillegg får han/ho tilbod om eit praksisopphald med rettleiing i Nynorsk Pressekontor (NPK). NPK sit samlokalisert med NTB i Oslo. Nærare informasjon får du ved å ta kontakt med Mållaget v/Svein Slettan, svein.slettan@uia.no / tlf. 99 45 04 64 eller Borghild Løver, tlf. 97 06 44 85.

Send søknaden med vedlegg på e-post til: maalkrs@online.no

Statuttar

§1. Føremål

Stipendet skal motivere og inspirere journaliststudentar til å bruke nynorsk i studiet og i seinare arbeidsliv.

§2. Kven kan få stipend?

Søkjarar frå Agder som ynskjer å bruke nynorsk i arbeidet sitt, har førerett. Dersom det ikkje er gode søkjarar frå Agder, kan stipendet delast ut til søkjarar frå andre delar av landet. For å få stipend, må ein ha fått og teke imot studieplass.

Studentar kan få inntil 10 000 kroner kvart studieår i inntil tre år. Dei fyrste 5.000 kronene får studenten ved stipendtildeling, resten ved slutten av studieåret dersom føresetnadene er oppfylde. Maksimalt kan kvar student få 30. 000 kroner.

§3 Stipendsøknad med grunngjeving.

Ein CV som mellom anna inneheld:

a. Attesterte kopiar av vitnemål frå tidlegare utdanning. b. Attesterte kopiar av attestar frå arbeidslivet.
c. Kopiar av eventuelle publiserte arbeid på nynorsk.

§4 Søknadsfrist

10. oktober 2016

§5. Jury
5.1
Styret i Mållaget i Kristiansand oppnemner jury på inntil 6 medlemer for 4 år om gongen. Halvparten av medlemene er på val annakvart år, fyrste gongen etter loddtrekking.

5.2 Samansetting av juryen:
- 2 representantar frå Mållaget i Kristiansand
- 1 representant frå Mediemållaget
- 1 til 2 representantar frå medieverksemder i Agderregionen - 1 representant frå Nynorsk Pressekontor

§ 6 Om rettar og plikter i det faglege samarbeidet mellom stipendiat og samarbeidspartnarane.
a. Ein av stipendiatane kan få tilbod om å få praksisplass stilt til rådvelde i NPK-redaksjonen i NTB.
b. Den aktuelle stipendiaten vert innkalla til samtale i NPK før han/ho får plass der.
c. NPK/NTB tilbyr stipendiaten å nytte seg av heile det faglige miljøet i NPK/NTB som del av journaliststudiet.
d. NPK stiller ein ”fadder” til rådvelde som fagleg rettleiar for stipendiaten. e. Stipendiaten deltek i arbeidet i NPK-redaksjonen etter nærare avtale.

§7 Rapportering frå mottakar av stipend

Seinast ein månad etter at studieåret er slutt, må det sendast rapport til Mållaget i Kristiansand om progresjonen i studiet, inkludert eventuelle attesterte eksamensresultat. Dette er ein føresetnad for å få utbetalt dei siste 5.000 kronene av stipendet. Dersom studiet skal halde fram, kan det samstundes søkjast om å forlenge stipendperioden.

 

Styret
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS