FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Gløymde songskattar frå Setesdal

 (17.09.2016)

Sigrid Kjetilsdotter Jore, ung folkemusikar frå Valle, var i Mållaget tysdag 13. sept. og gav oss ein svært fin kveld. Brureslåtten etter Faremoane vart nydeleg framført i starten på programmet.

Noko som har hatt mykje å seie for henne, var notenedskrifter etter folkeminnesamlaren og spelemannen Knut Jonsson Heddi: Liv og leikar. Ho fekk desse frå Folkemusikkarkivet på Rysstad, og det var det materialet ho skulle arbeide med på Noregs Musikkhøgskule. Gjennom denne samlinga ho fekk kjennskap til noter og tekster ho aldri hadde vore borti før.

Ho var så heldig å få notenedskrifter også av andre innsamlarar. Tradisjonen er rik i utgangspunktet, då særleg innan nystev og religiøse folketonar, men ho ville freiste å føre gamlestev og middelalderballadar inn att. Gamlesteva kunne gå så langt tilbake som til 1200-talet.

Eit overordna mål for henne vart å utvide Setesdalstradisjonane i kvedinga. Note i folkemusikk er noko vanskeleg. Musikken har sin eigen puls, ein rytme som er vanskeleg å skrive ned. Gode læremeistrar har lagt grunnlaget for at ho har fått sin måte å kvede på, og då nemnde ho både Kirsten Bråten Berg og spesielt Ingebjørg Vegestog Homme. Sistnemnde vart mest som ei veninne trass i den store aldersskilnaden.

Brurehesten krinsar kring bryllaup og kjærleik. Mykje kunne gå gale i tida før ekteskapet. Hesten er viktig i albumet hennar. Frå norrøn mytologi finn ein hesten som "sjeleberar". Han kunne take folk frå ei verd til ei anna.

Litt over tjue interesserte hadde møtt fram, og ingen gjekk skuffa heim etter møtet med denne unge, lovande musikaren. Steva ho framførte og måten ho fortalde på, gav eit svært godt inntrykk. Mange ville gjerne kjøpe Brurehesten etterpå.

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS