FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Konsert med Raabygg i BUL/Mållagssalen onsdag 9. nov. 2016 kl 20:00

Raabygg består av tre unge kvinner: Johanne Flottorp, Sigrid Kjetilsdotter Jore og Tuva Færden som livnærer seg som frilans folkemusikarar.

Biletet viser omslaget til fyrste albumet dei gav ut saman no i oktober 2016. Det blir sal av cd'en etter konserten.

Inngangspengar: 100 kr for medl/150 for ikkje medl. Enkel servering. Raabygg spelar til dans etter matpausen.

Konserten eit samarbeid mellom BUL-Krs, Mållaget i Krs., Kristiansand Spel- og dansarlag og Folkeakademiet. Alle velkomne!

Johanne, Sigrid og Tuva har kjent kvarandre lenge, men starta å spele saman som studentar på Noregs musikkhøgskule i 2013. Dei er alle tre særs aktive på den norske folkemusikkscena. Ved sida av Raabygg har dei fleire bandprosjekt, og alle tre markerer seg også sterkt som soloutøvarar.

Kjernerepetoaret til Raabygg er folkemusikk frå Råbyggelaget, ei gammal nemning for dei indre bygdene på Agder.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS