FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Noregs største språk - bokmål eller nynorsk

 (24.11.2016)

Føredraget til Rolf Theil tysdag 22.11.16 var eit interessant og tankevekkande føredrag. Kva meiner ein eigentleg med "største språk"? Er det det som blir talt av dei fleste, eller det som blir brukt i skrift av dei fleste?

Sjølv brukte han grenlandsdialekten i føredraget, og viste til at dei fleste av orda i denne dialekten er nynorske, d.v.s. at dei bygger på gammalnorsk. Theil hevda at 80 % av folk i Noreg snakkar dialekt og dermed ein dialekt som har røter til gammalnorsk.

Det var mange til stades, 60 - 70 møtte fram, og det var svært moro å sjå så mange ungdomar.

Theil trekte liner frå andre land og starta med Kamerun, eit land med over 24 mill menneske. Landet har 280 språk som vert brukt i daglegtalen. Engelsk og fransk er nasjonalspråka, men er det dei største språka i landet? Nei, svarer Theil.

Han viste også til Skottland der det gjekk tilbake med skotsk etter reformasjonen. Bibelen vart berre omsett til engelsk, og skotsk er ikkje standardisert skriftspråk i dag.

Han kom inn på at frå 1814 var det eitt språk her i landet, og det vart kalla norsk, men det var dansk. Embetsstanden snakka altså København-dansk med ein norsk uttale, og dette var eit språk som slett ikkje fall naturleg for vanlege folk rundt i landet.

Den unge Ivar Aasen kasta seg ut i arbeidet med å samle dialektprøver. Han gav då ut både grammatikk og ordbok over det "norske sproget". Han brukte ordet landsmål, og landsmål vart jamstelt med riksmål i 1885. Det var fyrst i 1929 at Stortinget vedtok at språkformene skulle kallast nynorsk og bokmål.

Ein myte, meinte Theil under spørsmålsrunden etterpå, at nynorsken er bygd på vestnorske dialektar. Aasen reiste over heile landet frå 1842 til 1855, og han var påfallande mykje på sør-austlandet.

Nynorsk bygger på gammalnorsk akkurat slik moderne engelsk bygger på gammalengelsk. Bokmålet har ikkje røter i gammalnorsk, men dansk. Bokmålsnære talemåtar er diverre på frammarsj, i alle fall på austlandet, men det er kanskje ei språkutvikling ein berre må godta!

Elevane frå Kvaderaturen og KKG vgs kom med mange spørsmål. Theil utdjupa og gav fyldige svar. Stortinget har vedteke at me har to skriftformer, og dette må ikkje neglisjerast i offentleg målbruk og i media! Det er ikkje rettferdig at nynorskbrukarar stadig må kjempe for retten til å bruke målet!

Griegstykka som Andrea Maini, musikar og språkforskar, framførte på piano passa svært godt inn i møtesamanhengen. Andrea kjem frå Italia og speler Grieg med stor innleving.  Både føredragshaldar, musikar, møteleiar og alle dei frammøtte var med på å skape ei sjeldan god stemning i salen.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS