FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Jolemøte 13. desember

 (14.12.2016)

Eit vellukka jolemøte med Harald Sødal som kåsør og pianospelar!

Tobbi Kvaale frå styret leia møtet og presenterte han på ein fin måte. Ho rekna ikkje opp alt han har vore med i i Kristiansand, men kom med personlege  minne frå den tida ho også arbeidde i kommunen.

Som biletet syner, har no alle vendt stolane mot lerretet og gler seg til kåseriet som kjem etter velsmakande pinnekjøt og ein kopp kaffi.

Kåseriet hadde tittelen "Tre halvsøstre", og Sødal brukte overheadprosjektoren på ein imponerande måte. Stadig utfyllande bilete og teikningar dukka opp for å klårgjere forteljinga.

Då Sovjetsamveldet vart oppløyst i 1991, vart det lettare å ferdast fritt, og i 2001 kom det brev frå ein tidlegare russerfange om å få besøke staden der han og kameratar hadde vore fange under krigen. Sidan Sødal var varaordførar, representerte han kommunen og var den som la tilhøva godt til rette for å ta vel imot Ivan Korotja. Sødal engasjerte seg sterkt, og han kom i kontakt med mange som bar på røynsler det tidlegare ikkje skulle snakkast om.

Dette førte til at tre kvinner i tre ulike land fekk greie på ei familiehistorie dei ikkje hadde hatt aning om: Ei sørlandsk jente fekk året etter krigen barn med ein russar, men russiske krigsfangar vart sendt til Sibir og fekk ny familie der. Stalin tok hemn over tyskarane etter åtaket i 1941 og gamle, kvinner og barn vart sendt i kuvogner til Sibir medan mennene vart drepne. Det skulle vise seg at dotter til den norske jenta hadde ei halvsyster i Ukraina, og at denne hadde ei halvsyster i Meiningen i Tyskland.

Med sin likeframme og naturlege måte å vere på, hadde Sødal god kontakt med publikum. Under kaffien laga han ekstra god stemning med å framføre eit stev frå Setesdal som han hadde høyrt for 20 år sidan.

Jolemøtet vart avslutta med gang rundt treet.

Det kan nok vere litt slitsamt både for unge og eldre å gå lenge og synge, men då er det godt å ha mamma til hjelp.

 

 

At det var ein svært triveleg fest, gav mange av dei 36 frammøtte gav uttrykk for, så denne tradisjonen må me halde på!

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS