FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Vårprogrammet i Mållaget 2017

 (15.12.2016)

Også denne våren har me fått fleire dyktige føredragshaldarar til møta våre, så her er mykje å gle seg til.

Maria Viken held trufast fram med lyrikkgruppa, og desse møta byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer. Fyrste møtet i 2017 er 17. januar.

Lagsmøta er sjølvsagt òg opne for alle, og desse tek til kl 19.00. 24. januar får me besøk av leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. Han vil ta føre seg "Stoda for nynorsken - med sørlandsk vinkling".

Årsmøtet er 14. februar, og sakspapir vert send ut til medlemene på førehand.

28. mars kjem Olav Vesaas og vil fortelje om foreldra sine, Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas: "Liv og dikting i lag". Musikalsk innslag ved Anne Karin Kaasa.

Til det siste møtet, 2. mai, er me så heldige å ha fått direktøren i Språkrådet, Åse Wetås, til å kome. Ho er fyrste kvinne og fyrste rogalending i denne toppstillinga!

Tradisjonen med nynorsk gudsteneste held fram. 28. mai kjem Idar Magne Holme til Domkyrkja i Kristiansand for å halde preika. Etter gudstenesta vert han med på kyrkjekaffien i Mållagssalen.

Januar:

Tysdag 10. Styremøte

Tysdag 17. Lyrikk

Tysdag 24. Lagsmøte:

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, held foredrag: "Stoda for nynorsken - med sørlandsk vinkling"

Tysdag 31. Lyrikk

Februar

Tysdag 07. Styremøte

Tysdag 14. Årsmøte kl. 19.00.

Tysdag 21. Vinterferie

Tysdag 28. Lyrikk

Mars

Tysdag 07. Styremøte

Tysdag 14. Lyrikk

Tysdag 28. Lagsmøte: "Liv og dikting i lag".

Olav Vesaas fortel om foreldra sine, Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Musikalsk innslag ved Anne Karin Kaasa

April

Tysdag 04. Lyrikk

Tysdag 11. Påskeferie

Tysdag 18. Styremøte

Tysdag 25. Lyrikk

Mai

Tysdag 02. Lagsmøte: Møte med direktøren i Språkrådet, Åse Wetås. Musikalsk innslag ved BUL-koret

Tysdag 09. Lyrikk

Onsdag 17. Kransnedlegging ved bysta til Jørgen Løvland

Tysdag 23. Styremøte

Sundag 28. mai. Nynorsk gudsteneste i Kristiansand domkyrkje ved Idar Magne Holme

Alle velkomne til å vere med på ulike aktivitetar I Mållaget!

Kort presentasjon av føredragshaldarane:

Tysdag 24.01.: Magne Aasbrenn er fødd i 1955 i Fredrikstad og frå april 2016 leiar i Noregs Mållag. Han er dermed den fyrste leiaren frå Østfold. Østfold Mållag vart stifta i 1989, og han var ein av dei fyrste medlemene. I 2002 vart han leiar.

Han er utdanna norsklektor frå Universitetet i Oslo og har bakgrunn m.a. frå arbeid i psykiatrien og journalistikken. Ved Fredrik II vidaregåande skule har han undervist sidan 1985.

Han er glad i å skrive og bruke dialekten, og han har gitt ut fleire bøker. Frå 2004 har han vore spaltist og kulturkommentator i Fredrikstad Blad. Noko svært uvanleg fann stad i Fredrikstad den 6. mars 2013. Då kom nemleg bladet ut på Fredrikstad dialekt med god språkhjelp frå Magne Aasbrenn.

I tida som leiar i Noregs Mållag har han vore svært aktiv med avisinnlegg og meiningar om nynorskens stilling i samfunnet. Nynorsk Litteraturfestival «Hællæ nynorsk» vart arrangert i Fredrikstad. 25.-27. oktober, og i samband med denne festivalen kom Fredrikstad Blad ut på nett som nynorskavis.

Tysdag 28.03.: Olav Vesaas er fødd i 1935 i Vinje i Telemark. Han tok lærarskuleeksamen i 1959 og cand.philol. -eksamen med nordisk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1968.

Han vart same året tilsett i NRK for å arbeide med litteratur- og kulturprogram i radio. Han er m.a. kjent som programleiar for «Språkrøret» saman med Finn Erik Vinje. Han arbeidde i NRK i mest 30 år bortsett frå to år som forlagssjef for Det Norske Samlaget.

Olav Vesaas har i fleire år vore medlem av ulike litteraturutvalg i Norsk kulturråd. Han sat også i styret for Nordens hus på Island og for Norsk-finsk kulturfond. Han har vore medlem av Bokklubbens lyrikkutval og har redigert fleire diktantologiar.

Han har tidlegare gjeve ut «Tarjei Vesaas om seg sjølv, som redaktør» (1985), «Telemark - dikt og draum» (1992), «Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen» (1994), «Løynde land - ei bok om Tarjei Vesaas» (1995), «Tarjei i tale (taler og prologar av Tarjei Vesaas)»(1997) og «Aasmund Olavson Vinje - ein tankens hærmann» (2001). Biografien om mor hans: «Å vera i livet – ei bok om Halldis Moren Vesaas» vart gitt ut i 2007.

Tysdag 02.05.: Åse Wetås er fødd i Sandnes i 1972. Frå 1. desember 2015 er ho tilsett som direktør i Språkrådet, statens kompetansesenter for norsk språk. Ho er dermed fyrste kvinne og fyrste rogalending i denne toppstillinga. Ho har studert nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Stavanger og Universitetet i Oslo. Frå UiO har ho doktorgrad i nordisk språkvitenskap med avhandlinga Kasusbortfallet i mellomnorsk. Ho blei tilsett som redaktør i Norsk Ordbok i 2005 og var prosjektdirektør same staden frå 2008. Ho representerte Norsk Ordbok 2014 i Nynorsk Forum 2008–2015.

I perioden 2010–2011 var ho medlem i Språkrådets rettskrivingsnemnd for nynorsk, som i 2011 la fram forslag til den rettskrivingsnormalen for nynorsk som blei innført frå 2012.

Åse Wetås har redigert mange bøker og publisert ei lang rekkje vitskaplege og populærvitskaplege artiklar. Fleire av dei større skriftene er rapportar frå forskingskonferansar, men i 2015 redigerte ho også Maurens kulturhistorie saman med Torstein Kvamme.

Styret
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS