FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Nynorskprosjekt på Hånes og Lovisenlund 6. og 7. mars

 (07.03.2017)

Dette året er det to skular som har starta nynorskprosjekt omtrent samstundes. Mest alle barnebøkene Mållaget har, er difor delt mellom Hånes og Lovisenlund skular. I to-tre veker skal elevane no konsentrere seg om å lese mykje nynorsk.

På båe skulane har eg vorte godt motteken av både lærarar og elevar, og Mållaget vonar at elevane har med seg ei positive innstilling når dei seinare møter nynorsk.

Nokre av elevane frå 7. trinn på Hånes skole. Det gjekk snøgt å velje seg bok, og som ein ser, er det ulike type bøker dei har starta med. I løpet av prosjekttida skal dei også skrive ein bokomtale.

Imponerande kor fort 5. klasse elevane på Lovisenlund kom til ro med kvar si bok. Som på Hånes er dei mange på trinnet, om lag 50-60. I klassen hadde dei snakka om nynorsk og var dermed førebudde på ein periode der dei skulle lære litt meir.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS