FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

"Liv og dikting i lag"

 (29.03.2017)

Tysdag 28. mars vart ein svært fin kveld med Olav Vesaas i Mållaget. Me fekk ei levande og god forteljing om livet til foreldra, m.a. om korleis dei vart kjærastar og om diktinga deira. "Heimen var full av papir" som han sa, og det var ein heim som gav både han og systera, Guri, eit godt grunnlag i livet.

Han hadde med seg nokre eksemplar av boka om Halldis Moren Vesaas som han hadde ferdig i 2007, og fleire nytta høvet til å få med seg denne med signaturen hans.

Før Vesaas starta med føredraget kunne me lytte til godnattsongar, nydeleg framført av Anne Karin Kaasa.

For faren, Tarjei Vesaas, (1897-1970) vart året på Voss folkehøgskule med Lars Eskeland eit vendepunkt. Året etter kom i han i Garden i Oslo, og då vart det rikeleg høve til å gå i teater. Han kjente han måtte skrive, men forlaget refuserte to gonger utkastet han kom med. Det same gjorde diktarvenen Kristoffer Uppdal, men det 4. utkastet lukkast. Menneskebonn vart utgjeven i 1923, og det vart gjennombrotet som forfattar.

Mora, Halldis Moren Vesaas, (1907-1995) var dotter til forfattaren Sven Moren og ein svært kreativ ungdom som likte skriving, dans og teater. Ho las mykje og Dei svarte hestane (1928) vart ho svært begeistra for. Sjølv gav ho ut diktsamlinga Harpe og dolk i 1929, og det på ei tid då nesten inga kvinne gav ut dikt om å vere forelska. Ho fekk jobb som sekretær hjå den norske visekonsulen i Sveits, og han gav henne ofte fri for å få med kunstutstillingar og teater.

Både Haldis og Tarjei var godt kjende med dei nynorske forfattarane, og det var Fønhus som ordna med å møte Halldis og Tarjei på Bondeheimen. Fønhus sjølv trekte seg unna, så dei vart sitjande aleine. Etter nokre dagar møttest dei igjen i Slottsparken og siterte Ole Bull-dikt. Tarjei fekk reisestipend og dro til Sveits. Halldis kom fyrste gong til Vinje i desember 1933, og ho vart godt motteken.

Med to born, Olav f. i 1935 og Guri i 1939, vart det ikkje så mykje skriving for Halldis no, men Lykkelege hender kom ut i 1936. Tarjei ville ha ut Kimen hausten 1945, og denne boka er ytre sett eit stort skifte i diktinga hans. Under krigen skulle ikkje bøker gjevast ut, men hausten 1944 hadde han klart manuskriptet til Huset i mørkret. Dette grov han ned i ein blekkboks i skogen, og boka kom ut våren 1945.

Olav Vesaas fortalde også om då faren vann ein internasjonal pris i 1953 på 50 000 kr. Sjølv tykte han godt dei kunne ha kjøpt seg ein bil, men halve prisen gjekk til Vinje Helselag og resten til ein tur for heile familien til Italia!

Det vart stillare på Midtbø då borna drog heimanfrå. Halldis tok til å gjendikte klassiske forfattarar. Phedre av Jean Racine har eit svært vanskeleg versemål, men ho leverte ei framifrå gjendikting med Fedra. Dessutan var ho svært aktiv i samfunnet, m.a. medlem av Norsk Språknemnd og Norsk kulturråd. Tarjei hadde veldig medgang som forfattar. Fuglane (1957) og Isslottet (1963) vart til på heilt ulikt vis. I Fuglane hadde han notert "Tusten-replikkar" i fleire år, medan Isslottet kom som ein raptus og vart skriven på 3-4 månader.

I den siste boka Båten om kvelden (1968) skjøna nok forfattaren kva veg det bar, og han døydde 15. mars 1970. Halldis fekk 25 år aleine no, skreiv litt dikt og dreiv mykje på med gjendikting. Dessutan vart ho kjærast med Gisle Straume. Ho fekk kreft og døde 8. september 1995, men sjølv medan ho var sjuk, skreiv ho for teateret. 

Det var eit mektig føredrag, framført på ein stillferdig og lun måte. Ein sit att med ei kjensle av å ha kome mykje nærare desse forfattarane som har betydd så mykje for litteratur, teater og det nynorske språket.

Mellom 40 og 50 hadde møtt fram for å høyre på Olav Vesaas og Anne Karin Kaasa.

 

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS