FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Språknormering og språkpolitikk på 2000-talet

 (03.05.2017)

Mållaget i Kristiansand hadde tysdag 2. mai besøk av direktøren i Språkrådet, Åse Wetås. Ho heldt eit stukturert og godt føredrag om språksituasjonen i Noreg og kva rolle Språkrådet har.

Det var mange frammøtte, og som på førre mållagsmøte var det inspirerande med mange ungdomar. Lærarar frå KKG og Kvaderaturen vgs gjer ein god innsats ved å få elevane så interesserte i språk at dei kjem til eit mållagsmøte!

BUL-koret laga frå fyrste stund ei fin stemning med fleire gode nynorske songar. "Vesle lerka" av Per Sivle var blant dei.

Åse Wetås har ein solid språkleg bakgrunn med doktorgrad i nordisk språkvitenskap. Frå 2005 var ho redaktør for Norsk Ordbok, med i Språkrådets utval for nynorsk rettskriving og styremedlem i Språkrådet frå 2011. Frå 1. desember 2015 vart ho direktør.

Språkrådet vart oppretta i 2005, og Sylfest Lomheim, møteleiar denne kvelden, var den fyrste direktøren. Språkrådet skulle føre vidare mange av oppgåvene til Norsk språkråd, oppretta i 1972, ved å legge vekt på styrking og vern av norsk språk. Men språkorganisasjonane er ikkje lenger representerte.

Wetås gjekk kort gjennom utviklinga av rettskriving i førre århundre. I 1901 og 1907 kom dei fyrste skriftformene for riksmål og landsmål. Det var store motsetnader mellom bykulturen med riksmålet og bondekulturen med landsmålet. Rettskrivingsvedtaka frå 1917 og frå 1938 bygde på ei tilnærming mellom språka, men frå tusenårsskiftet er det slutt på tilnærmingslinja. Men nynorsk er det minst brukte og dermed det mest utsette språket.

Språkrådet fylgjer med på bruken av engelske ord som har breidd om seg, og går inn for å bruke norsk i alle samanhengar. Det er viktig at studentane lærer seg norsk både munnleg og skriftleg. Når studentane kjem ut i arbeidslivet, er det oftast naudsynt å bruke norske ord, ikkje engelske, så næingslivet med NHO spør etter dette.

Finans Noreg har sett kor viktig det er at vanlege folk skjøner bodskapen t.d. forsikringsselskap og bankar vil ha fram, og Språkrådet har hjelpt til. Godt, klart og enkelt språk løner seg. Språkrådet jobbar også mykje for å få eit klarare språk i alle skriv som går ut frå departementa.

Ho kom også inn på læreboknormalen frå 1959 der klammeformer var tilletne. Dette skapte ein del forvirring, og KUD gjekk inn for strammare reglar. I 2005 forsvann dei to formene i bokmål medan det gjekk lenger tid i nynorsk. Wetås var sjølv med i nemnda somvart sett ned av Språkrådet i 2010, og det nye under arbeidet no var ein open og inkluderande prosess for å finne dei rette formene. I 2012  kom nemnda fram til den nye rettskrivingsnormalen for nynorsk. 

Den digitale tidsalderen har fullstendig endra vilkåra for å publisering og det å kunne kjenne seg trygg på skriving. Språkrådet har t.d. ei bra nettside for å lære å skrive nynorsk rett. Når det gjeld ordbøker har både Bokmålsordboka og Nynorskordboka har svært mange brukarar, og det blir lettvint å finne fram til sida når ein sit og skriv.

Norsk er eit relativt stort språk, mellom dei 100 mest vitale. Skal det halde fram med å vere det, er språkleg sjølvtillit og tru på at det kan brukast overalt naudsynt. Ho samanlikna det norske språket med Nidarosdomen. Det må vere ein kulturskatt som er i bruk og må ikkje bli ein museumsgjenstand. At det norske språket er verdsett, også utanfor Noreg, viser TV-serien Skam, rapgruppa Karpe Diem og forfattaren Jon Fosse!

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS