FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kransnedlegging ved bysta til Jørgen Løvland

 (20.05.2017)

Andres Helle fekk på godt setesdalsmål fram kor mykje Jørgen Løvland har hatt å seie for nynorsken og for nasjonen Noreg. Løvland var Noregs statsminister i Stockholm under unionsforhandlingane med Sverige i 1905 og ein svært kunnskapsrik og dyktig forhandlar.

 

Sidan 2012 har det vore tradisjonen 17. mai å legge ned krans ved bysta til Jørgen Løvland (1848 -1922). Dette året var det setesdølen, Andres Helle, som heldt tale og la ned krans. Bjug Åkre var den som i 2012 gjorde kommunen merksam på at det ikkje var kransnedlegging her 17. mai. Han heldt sjølv talen det året.

Heile talen kan lesast nedanfor. Dialekten og framføringa kjem svært godt fram, og Mållaget i Kristiansand set stor pris på at me fekk lov å bruke talen på heimesida.

 

Jørgen Løvland – KRANSENEDLEGGING 17. mai 2017 Andres Helle
 

  • God dag – alle! Og gratulerer med GRUNNLOVSDAGEN / NASJONAL-DAGEN! Eller «JIBUSDAGJEN», som me seier i Setesdal. Og 203 år er ein fin alder.

  • Me er i godt selskap her: Eg tillet meg å seie god dag til Jørgen, og Henrik, også. Kanskje dei helsa kvarandre i dag tidleg?? Det er lov å fantasere…

  • Her hastar me vanlegvis forbi – men i dag vil me stoppe opp, for i dag er det 17. mai.

  • HENRIK: … var kristiansander (f. 1808), der nede, i Dronningensgate.

  • JØRGEN: ... var setesdøl (f. 1848), der nord, på Evje.

Per Eivind Hem gav i 2005 ut ein grundig – og verdig – biografi om Jørgen Løvland. * Han fortel om treåringen som mintest ei likkledd lislesyster Anne på gravferdsdagen, bjørnen som var nærgåande på garden, og «den største sol-formørkelsen i mi tid». * Som 6-åring begynte han i omgangsskulen i Evje, 48 skuledagar det året... * Som 14-åring rissa han Vinje sine ord inn i løeveggen heime: Les og vex.

Det måtte bli «skulevegen» for Jørgen: * Lærarlærlingskulen som 15-åring. * Lærar i Kristiansand som 18-åring, bl.a. der oppe på Tordenskjoldsgate skole. * I skulen trefte han Lærarinne Laura Mathilde Torkildson, ei borgarleg byjente. Dei vart forlova. Men han manna seg ikkje opp til å fri … på fire år … av rein sjenanse. Skal ho seinare ha sagt. * Som lærar kom han også til Setesdal, til amtsskulen i Bygland og i Valle. * Klasseromet kunne vere enkelt: «Ein kubbestol var kateter til å sitje i, når eg ikkje stod på tilet», fortel han... * Dei to opphalda i Øvre Setesdal gjorde Jørgen Løvland til målmann, har eg lese meg til… * Som lærar blei det sagt om Jørgen Løvland: Han fortalde ikkje soga, men han spela den…

Kanskje han måtte prøve noko nytt, og frå 1884-1892 arbeidde han der nede på hjørnet av Gyldenløvesgate og Markensgate, som entusiastisk redaktør for Christiansands Stiftsavis. Den bygningen overlevde faktisk bybrannen, 8. juli 1892. Det gjorde ikkje den store boksamlingi hans, han budde i Østre Strandgt. 61.

Per Eivind Hems fortel om DEN TRAVLE RIKSPOLITIKAREN:

* Politisk blei det VENSTRE for han. * Han vart stortingsmann frå Kristiansand i 1886, og tok båten til Kristiania. No var han gift med Mathilde, og dei hadde fått ein son. Etter kvart flytte familien etter han.

  • Han engasjerte seg i:

  • Målsak.

  • Reint norsk flagg (kom i 1898), utan «sildesalten» (svensk øvst t.v.)

  • Jernbaneutbygging.

  • Telefonvesenet.

  • Vart President i Odelstinget.

  • Samarbeidde med Bjørnstjerne Bjørnson om fredsarbeid, heime og ute.

  • Alfred Nobel oppretta Fredsprisen. Jørgen Løvland blei snart leiar i komiteen, i 21 år!

  • Lausriving frå Sverige … kunne DET vere mogleg?

  • Bondeungdomslaget, stifta i Kristiania i 1899. I slike omgivelsar tala Jørgen «Paa sitt gode fine Sætisdalsmaal».

  • Han heldt ei mengd foredrag og taler.

  • Han blei statsråd: Arbeidsminister 1898 (fem år) – medan me enno var i union med Sverige.

  • Og her er ein godbit: Han blei den fyrste arbeidsministeren for Automobilen! 3. september 1901 blei han med på ein biltur – i ein testbil lånt inn frå Tyskland. Den vart frakta med toget frå Kristiania til Otta. Bilturen gjekk så mot Åndalsnes. Føre sykla ein kar for å varsle vegfarande om den spesielle farkosten som var på veg…

I 1905 VART JØRGEN LØVLAND MED PÅ EI STOR BRAGD: Å gå ut av unionen med Sverige – i 1905 – er eit av dei mest krevjande politiske arbeid som er gjort her i landet. Setesdølen Jørgen Løvland kom til å spele ein avgjerande rolle i Karlstad-forhandlingane med Sverige. Han er ein av dei me kan takke for at me ikkje fekk ein broderkrig mot svenskane då. Det var intense dagar … og netter. Personleg meiner eg at unionskongen Oscar 2. også skal ha ein stor del av den æra. DET VAR KLOKE FORHANDLINGAR PÅ HØGT NIVÅ!

*** Ein stor applaus for setesdølen Jørgen Løvland!!

TENK OM VERDI HADDE MANGE, LIKE GODE FORHANDLARAR I DAG…

* I 1905 vart Jørgen Løvland «Vår første utenriksminister», som Per Eivind Hem har som tittel på den 603 sider lange biografien. I 1907 «ofra» han seg, og tok på seg ei statsministerstilling som han visste ville vere over etter kort tid. Det varte 4,5 månader. * 17. juni 1908 var denne parken – her me stend no – stappfull av festpynta folk. Då hadde Jørgen Løvland den store ære å avduke Gustav Vigeland sin Wergeland-skulptur. * I 1909 blei Jørgen Løvland leiar av Noregs Mållag. * I 1913 vart han stortingspresident, og han braut ein barriere med å halde bordtale på Slottet – på landsmål (altså nynorsk) – for dansk-talande Kong Haakon og engelsk-talande Dronning Maud. For eit «statement», for å bruke eit engelsk ord! * 17. mai 1914 tala han klingande landsmål – i rikssalen på Eidsvoll – ved 100-årsmarkeringa. * I 1917 fekk han «trumfa» gjennom Rettskrivingsreforma, som fornorska riksmålet. Han var faktisk eit ynda karikaturobjekt i avisene etter det! Han tottest tole det, og reid vel stormen av. * I 1920: Og dette er snadder for sportinteresserte… Nevøen (brorsonen) Helge Løvland vart olympisk meister i 10-kamp, i Antwerpen! Verdens mest prestisjefylte idrettsgrein på den tid, og så ein «setesdøl»! Den de minnast! * Siste ministerpost i 1915-1920: Kyrkje- og undervisningsminister. Då skranta helsa noko.

* Teater, kino og selskapssliv … hadde han for lengst vent seg av med, skriv Hem, men den matglade Løvland hadde ikkje noko imot fyrstelege middagar, «enndå um ein er gamal». * Han fantaserte noko … om at han var ein rik mann, «so ein kunne vere ved Midthavet (Middelhavet) i Egyptien elder ein annan stad um vettren … fyst ein bli gamal og frostaal».

* Han og Laura Mathilde budde i Sommerrogata, på Frogner i Oslo. Han hadde lenge hatt sukkersjuke, og det gjekk nedover helsemessig. * 21. august (1922) ville han ha nattverden, og siste orda var: «Takk for alt. Hald i hop». * Staten sto for gravferda. Kong Haakon var der, og 1500 andre frå inn- og utland. * Ein kuriositet: Det var Jørgen Løvland som hadde kome med forslaget om kongenamnet Haakon i 1905, då prins Carl av Danmark kom til eit fritt Noreg.

I gravferda takka Alexander Seippel frå Setesdal med dette diktet: Ein blomekranse vi me deg ære so du skal sjaa at me hev deg kjære – kver blom i hjarta plukka me av og legg dei graaatande paa di grav.

Han ligg på Vår Frelsers Gravlund, ikkje langt frå «parlamentarismens far», Johan Sverdrup, og Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Det seier sitt!

  • Kvifor gjekk Jørgen Løvlands ettermæle noko i gløymeboki?

  • Han som fekk 14 ordenar/utmerkelsar, t.o.m. frå Russland, og Thailand!!

  • Per Eivind Hem meiner vel at den meir framfusne bergenseren Christian Michelsen stakk av med det gjævaste ettermælet etter 1905…

  • Men i 1928 kom der byste på grava til Jørgen Løvland.

  • Og han var så stor i norsk politikk og samfunnsliv at statsminister Einar Gerhardsen heldt radiooverført tale på grava hans, 3. februar 1948, på 100-årsdagen.

  • I 1957 kom han på sokkel, her i Kristiansand.

  • 7. juni 1976 kom han på sokkel på Evje. Stopp og sjå – den er flytta noko, etter omfattande arbeid i sentrum. No ser Jørgen mot aust...

  • 7. juni 2005 kom han på sokkel på 7. juniplassen i Oslo, avduka av ei stakkekledd Eiril, tippoldebarnet hans.

  • All ære til Mållaget i Kristiansand, som har tradisjon med kranse-nedlegging her, 17. mai. Eg er plent sikker på Jørgen Løvland ville ha skjøna kvart einaste ord av Hylestad-målet mitt… Eg trur også at Henrik Wergeland ville ha skjøna det...

  • Og: Der er ein grunn til at … setesdølen … og kristiansandaren … har fått så framtredande plasseringar her i denne flotte, grøne lomma i Kvadraturen i Kristiansand.

  • FOR DESSE TO VAR MED PÅ Å FORME DET NOREG/NORGE ME HAR I DAG.

  • EIT NOREG MED STOR FRIHEIT, RETTIGHEITER, VELSTAND – OG LYKKE I VERDENSTOPPEN...

  • DET FEIRAR ME MED «KALAS» FRÅ LINDESNES TIL NORDKAPP.

  • SIKKERT FEM MILLIONAR ER MED PÅ DET I DAG, PÅ EIT ELLER ANNA VIS…

  • ME KLARAR FINT «TRE GANGER HURRA»!!

Takk for at de høyrde på, og hav ein «gama» dag, alle saman!


 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS