FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Samarbeid om nynorsk gudsteneste med kyrkjekaffi i Mållagssalen

 (28.05.2017)

Sundag 28. mai var det igjen nynorsk gudsteneste i Domkyrkja i Kristiansand. Dette året var det forstandar i Diakonhjemmet, Idar Magne Holme, som heldt preika og sokneprest Aud Sunde Smemo var liturg.

Kyrkjekaffi i Mållagssalen høyrer med, og det var også i år godt frammøte med litt over 60 som kom for å hygge seg med heimebakte kaker og slå av ein prat! Som tidlegare år gjorde Leiv Storesletten ein god jobb som møteleiar.

Samarbeidet mellom Mållaget og Domkyrkja i Kristiansand kom stand i 2010. Det var då Ragnhild Mydland frå Mållaget og Inger-Britt Vinje frå kyrkja som tok initiatv i samband med 125 års-jubileet for Domkyrkja. Denne tradisjonen ynskjer både Mållaget og kyrkja å halde fram med.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS