FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Velkomen til Mållaget hausten 2017

Haustprogrammet er klart og her er mykje å gle seg til.

Maria Viken syter for at det blir lyrikkveldar dette året også og startar opp 5. september kl 18.30. Møta er opne for alle, og me ser gjerne at fleire kjem innom på desse kveldane.

I høve "Lutheråret" i år kjem Gunvor Lande til Mållaget 26. september med føredraget : "Frå latin til morsmål - Luthers revolusjon".

Den unge forfattaren frå Froland, Jan Kristoffer Dale, har fått Tarjei Vesaas debutantpris og Sørlandets litteraturpris for novellesamlinga "Arbeidsnever", utgitt i 2016. Han kjem til Mållaget 24. oktober.

For Agder har skipstrafikken alltid vore viktig. Kva påverknad nedertysk og hollandsk har hatt på egdemåla vil me få vite meir om 14. november gjennom føredraget til Rune Røsstad frå UiA.: "Nedertysk og hollandsk i egdemåla"

12. desember er datoen for det tradisjonelle jolemøtet, og her vil Andres Helle på ekte hylestad-mål kåsere om "Gamle jolekort"

Alle møta tek til kl 19:00 og er opne for alle, bortsett frå jolemøtet som fyrst og fremst er for medlemer, og der er påmelding.

 

Hjarteleg velkomen til Mållaget

 

September

Tysdag 05. Lyrikk

Tysdag 19. Styremøte

Tysdag 26. Lagsmøte: Gunvor Lande: Frå latin til morsmål – Luthers revolusjon.  Musikalsk innslag ved Astrid Hulda Mitchell Johannessen

Oktober

Tysdag 03. Haustferie

Tysdag 10. Lyrikk

Tysdag 17. Styremøte

Tysdag 24. Lagsmøte: «Arbeidsnever» Forfattar Jan Kristoffer Dale fortel om novellesamlinga si. Musikalsk innslag ved koret: "Syng på norsk"

Tysdag 31. Lyrikk

November

Tysdag 07. Lyrikk

Tysdag 14. Lagsmøte: Rune Røsstad: «Nedertysk og hollandsk i egdemåla» Allsong med pianoakkompagnement av Lasse Stray

Tysdag 21. Styremøte

Tysdag 28. Lyrikk

Desember

Tysdag 12. Jolemøte kl.19: Andres Helle held kåseri: «Gamle jolekort» Lasse Stray spelar til jolesongane

 

Alle lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer. Lagsmøta er sjølvsagt òg opne. Alle er velkomne til jolemøtet, men der er det påmelding. Dersom du har kjenningar som er interesserte i dei sakene eller programma mållaget har, er det svært bra om du får desse med på møta.

Kort presentasjon av føredragshaldarane hausten 2017

26. september: Gunvor Lande: Frå latin til morsmål – Luthers revolusjon

Gunvor Lande er fødd i 1937 i Ål i Hallingdal og cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo 1965 og blei ordinert til prest i 1987.

Ho var misjonær og universitetslektor i Japan 1965–80, og arbeidde seinare ved Institutt for kristen oppseding (IKO) og i Mellomkyrkjeleg råd. 1993-2007 var ho tilsett ved Høgskolen i Agder. Gunvor Lande har hatt eit stort engasjement for kvinners stilling i kyrkja, og har vore leiar for «Rådgjevande komité for kvinnespørsmål» i Det Lutherske Verdsforbundet. Doktoravhandlinga hennar frå 2002 hadde tittelen Visjonen om likeverdet. Det økumeniske tiåret 1988-1998. Kyrkjer i solidaritet med kvinner i El Salvador og Norge, Kenya og Japan.

Ho har gjennom teologistudiet god kunnskap om Martin Luther.

24. oktober: Forfattar Jan Kristoffer Dale fortel om novellesamlinga si: «Arbeidsnever».

Jan Kristoffer Dale er fødd i 1984 i Froland. Han har hatt jobb på bryggeri gjennom eit bemanningsbyrå og vore student på skrivekunstakademiet i Bergen. No arbeider han i barnehage og studerer til barnehagelærar.

I 2016 debuterte han med novellsamlinga Arbeidsnever, og for denne fekk han i mars i år Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2016.

Novellene handlar om vanlege menneskjes liv og arbeid; folk som ikkje gjer det bra på skulen, ikkje får fast jobb, ikkje finn nokon å slå seg saman med og ikkje kjem inn i bustadmarknaden. 21. april i år fekk han Sørlandets Litteraturpris for novellesamlinga si.

Han skriv ikkje på nynorsk, men bruker dialekt i dialogane. Det er perspektivet til «underklassen» han skildrar, noko han tidleg vart bevisst på at det finst her. Det er klasseskilnad i Noreg!

14. november: Språkforskar Rune Røsstad: «Nedertysk og hollandsk i egdemåla»

Rune Røsstad er fødd i Søgne i 1969 og jobbar no ved UiA som studiekoordinator i nordisk. Fagområda er m.a. dialektologi, sosiolingvistikk, historisk lingvistikk og eldre språkhistorie.

Han har gitt ut mange publikasjonar, m.a. Egdemåla i variasjon og utvikling dei siste 200 åra (2015), Om overgangen til pluralendinga -an i egdsk talemål. Ein verknad av indre-språklege drivkrefter? (2011), Ei forteljing om mangfald – egdemål i tale og skrift (2010)

I årsskriftet til Søgne Historielag frå 2015 har han ein artikkel om dialektord frå Try frå 1930-talet og utover. Til denne artikkelen har han skrive kommentarar i samband med ordsamlinga frå Try: «Litt om ampløy og beknib og andre ord».

12. desember: Andres Helle kåserer om «Gamle jolekort»

Andres Helle er fødd i 1950 på Helle i Hylestad. Sidan 1975 har han vore busett i Kristiansand, men held også til på Austad i Bygland. Han har lærarutdanning frå Stavanger Lærarskule og Kristiansand Lærerskole og har vore lærar sidan 1973. Dei fleste åra har han arbeidd ved Kvarstein skole i Vennesla, men han var også rektor på Hylestad skule eit år.

Frå 2003 har han vore medarbeidar i Bygland gard og ætt. Her har han arbeidd med innsamling, fotografering og teksting av bilete. Han har vore redaktør og koordinator for Setesdal Sogelags årsskrift Setesdal og setesdølar sidan det kom ut fyrste gongen i 2015.

 

 

 

 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS