FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Jan Kristoffer Dale i Mållaget 24.10.17

 (25.10.2017)

Trass i at regnet ausa ned, er det lenge sidan frammøtet har vore så godt. Om lag 70 personar fylte etterkvart plassane i salen, og blant desse var det svært mange ungdomar frå KKG og Kvaderaturen vgs. Norsklærarane her gjer ein stor innsats med å få elevane med.

Jan Kristoffer Dale svarte ærleg og utfyllande på spørsmåla dei hadde etterpå, og det var svært god kontakt mellom forfattar og møtelyd.

Koret Syng HEFtig innleia møtekvelden med varierte og fine songar. Dei starta med ei Bob Dylan-vise der teksta var omsett til nynorsk og avslutta med "Tre små kinesere på Høybro plass"

 

For denne ungdommelege forsamlinga  starta Jan Kristoffer Dale med å fortelje om seg sjølv. Han fortalte om oppveksten i Froland, der han blei mobba på skulen. Men mora las mykje for han, og han vart tidleg glad i å lese og sat mykje på biblioteket.

Vidergåande skule i Arendal greidde han ikkje å fullføre då han var heilt utsliten av tida i grunnskulen. Mobbing frå tysklæraren kom i tillegg, så han skulka og sat mykje på biblioteket i skuletida. Sjølvtilliten var på botn. Han var redd, korleis skulle framtida bli? Han "nava" ikkje, som han sa, men fekk etterkvart jobb på Arendal bryggeri gjennom eit bemanningsbyrå. Han starta med 2 vekers kontraktar og fekk etterkvart månadskontrakt. Då han hadde jobba der i over fire år og endeleg var fast tilsett, vart det nedbemanning og jobben borte.

Men i alle desse åra hadde han lese mykje, og dei to forfattarane som betydde mest for han, var Per Petterson og Larry Brown, ein amerikansk forfattar. Båe skreiv om plassen dei kom frå, og han kjente likskap med bakgrunnen deira. Dette gav han inspirasjon til at han også kunne skrive om seg sjølv og om heimplassen, Froland.

I 2010 begynte han på Arbeidsnever og kom inn på Skrivekunstakademiet i Bergen. Skrivinga gjekk lettare etter året i Bergen, og i 2015 skreiv han tre noveller. Arbeidsnever kom ut i 2016, og for denne fekk han Tarjei Vesaas' debutantpris for 2016, og våren 2017 fekk han Sørlandets litteraturpris.

På møtet las han heile tittelnovella Arbeidsnever, og etter det kom det spørsmål og kommentarar frå salen. Han stadfesta at novella er ein sjølvbiografi. Han bruker dialekten der folk samtaler, for elles vert det ikkje ekte!

Ein av elevane spurte om han hadde skrivetips, og han presiserte at ein må skrive noko ein har følt på kroppen! Det kan vere lite, men noko som gjer inntrykk, anten det er vondt eller godt! Han kommenterte også at han ikkje ville kome med ein ferdig slutt. Det må det vere opp til lesaren å ha ei meining om. Nokre meiner difor at novellene er dystre, men sjølv tenkjer han ikkje slik. Han har kjent på kroppen kor ille det er å vere utanfor, og han vil vere ei stemme for dei som slit.

Han nemnde også den fyrste tida på Skrivekunstakademiet. Der skulle han sitje saman med 11 andre og lese opp eigne tekster og vurdere andres. Det var skikkeleg skummelt. I starten trudde han aldri at han kom til å greie det.

Mange var borte og snakka med han etterpå og kjøpte Arbeidsnever. På biletet ser me han i samtale med Andres Helle.

Han gjorde inntrykk ved å verke så ærleg og naturleg. Han har aldri likt å høyre at "du må ta deg saman", men heller "prøv å ta sjansen!". Det opnar for nye mogelegheiter.

Møteleiaren, Vibeke Lauritsen, gjorde merksam på at i desse dagar vert Arbeidsnever omset til svensk og dansk. Ho spurde også om vidare planar. Då kunne han fortelje at han skreiv på ein roman og tre noveller. Det er bygda og det han kjenner som inspirerer. Me ynskjer han lukke til!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS