FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Frå latin til morsmål - Luthers revolusjon

 (01.10.2017)

Tysdag 26. september heldt Gunvor Lande eit lærerikt og godt føredrag om Martin Luther. Det at folk kunne få lese Bibelen på sitt eige morsmål, var verkeleg ein revolusjon.

 

40 - 50 personar var til stades i Mållaget, og mange kommenterte etterpå at dette var eit svært aktuelt emne og svært interssant å høyre på.

Gunvor Lande fortalde at det ikkje var så vanleg på Luthers tid at prestane las Bibelen. Dei held seg til latinen og messene og godtok det som kom frå paven.

Luther undra seg då han i klosteret studerte tekstene og såg at mykje av det kyrkja lærte, ikkje stod i Bibelen. I Bibeltekstene las han om nåden, og at det ikkje var gode gjerningar som førte til frelse. Slett ikkje fann han noko om avlatshandelen!

Dette måtte både prestar og vanlege folk få vite, og han såg kor viktig det var at alle kunne lese og forstå Bibelen. Medan han sat fanga på Wartburg, fekk han Det nye Testamentet omsett til tysk i 1521.

Brotet med pavekyrkja var ikkje til å unngå, og det kom til å bety svært mykje at morsmålet vart oppvurdert og teken i bruk som kyrkjemål. Trykkekunsten var nettopp oppfunnen, og dette gjorde at Bibelen kunne spreiast til mange på kort tid. Frå Tyskland spreidde reformasjonen seg, og i 1537 vart han innført i Danmark-Noreg, svært uheldig for norsk språk. Bibelen kom på dansk, ikkje morsmålet vårt!

I Aust-Europa hadde ikkje latinen same posisjon, og her stod morsmålet mykje sterkare. Ho peika på Kyrillos som på 800-talet brukte slavisk som kyrkjespråk.

I 1739 vart konfirmasjon obligatorisk, og dermed måtte alle gå på skule. Å kunne lese og skrive er grunnlaget for ei demokratisk utvikling.


Astrid Hulda Mitchell Johannessen studerer musikk ved UiA, og ho gav oss ei god oppleving med felespelet sitt.

Ho innleia kvelden med norsk folkemusikk. Under matpausen spelte ho irskinspirert folkemusikk og avslutta med klassisk.

Stykka ho spela passa godt for publikum, og ho var med og laga ei fin stemning i salen.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS