Tildeling av journaliststipend
(31.10.2017) Mållaget i Kristiansand lyste tidlegare i haust ut journaliststipend på kr 10 000 for studieåret 2017/18. Det kom berre inn to søknader, men dei som søkte, er godt kvalifiserte: Malin Langøy Aarbø og Malin Nordby Kvamme. Båe kjem frå Vestlandet, frå Stord og frå Ørsta.
Malin Langøy Aarøer studerer journalistikk på andre året ved Høgskulen Kristiania, og Malin Nordby Kvamme studerer 1. året av ein bachelorgrad i journalistikk ved Universitetet i Bergen. Dei har fått kr 5000.- kvar for hausthalvåret.
Me er glade for at ungdomar som skal bli journalistar vil nytte nynorsk skriftspråk, og me ynskjer dei lukke til!
Solveig Lima |