FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nedertysk og hollandsk i egdemåla

 (17.11.2017)

Rune Røsstad heldt eit interssant føredrag i Mållaget 14. november om påverknaden frå nedertysk og hollandsk i språket vårt her på Agder.

Om lag tretti språkinteresserte hadde møtt fram. Dei mange spørsmåla som kom etterpå, vart kommenterte på ein opplysande og humørfylt måte av både føredragshaldaren og møteleiaren, Sylfest Lomheim.

Språket er i utvikling, og mange av dei nederlandske og lågtyske uttrykka som tidlegare var i bruk i dialektane, er på veg ut, t.d. beknib, balere, faut. Men føredragshaldaren viste også til at mange ord som ein ikkje tenkjer over, har nederlandsk eller lågtysk opphav: Arbeid, gaffel, kiste, rekne, skomaker, skreddar, ærleg.

Han nemnde også Peter Lunde, folkeminnesamlaren frå Søgne. Han skreiv i 1913 at Søgnedialekten hadde vorte "plagsamt påverka av hollandsk og lågtysk som hadde gjeve rom for det danske språket." Lågtysk har sett sterkt preg på bokmålet ved at mange ord startar med an, be, for eller unn, og slutter med -aktig, -het eller -else.

På eit stort kart over landa kring Nordsjøen viste Røsstad kor sentralt Sør-Noreg ligg i høve til handel og kontakt med andre land. Etter Hanseatane hadde dominert handelen sidan 1100-talet, overtok nederlendingane frå om lag 1500.

Mest alle viker langs Agder-kysten fekk besøk av hollendarane (Holland er bare ein provins i Nedeerland). Folk som hadde noko å selje, møtte opp når hollandske skip la til. I Amsterdam var det lettare å få seg arbeid, og å ta ein tur med båt til Amsterdam frå Sørlandet, var ikkje så vanskeleg.

Martin Skjekkeland, UiA, har undersøkt det daglege ordtilfanget blant eit utval personar i Agder og Telemark. Han fann, ikkje uventa, at tysk-danske låneord utgjer ein større del av daglegtalen i Kvinesdal enn i Seljord. Kyststroka på Agder har hatt mykje kontakt med andre land, og dermed fjerna seg frå gamalnorsk.

Til slutt nemnde han eit språktrekk nord og vest i landet, vestre Vest-Agder og litt av Rogaland: Garpegenitiv. Døme han nemnde: "Han sin hest, henna sin bil, deira si hytte". Dette finn ein att i nederlandsk tale i dag, men ikkje i skrift. Det vart presisert under ordskiftet etterpå at  "hans'es hest, ho'ses bil" slik mange brukar det i dialekten, er vanleg genitiv.

Mange tok ordet etter foredraget, og Sylfest Lomheim leia dette på ein framifrå måte. Også ved kaffibordet, gjekk praten livleg om språk. Lasse Stray spela til alle songane, og me avslutta med Den kjem aldri at eg deg gløymer

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS