FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Jolemøtet 2017 tysdag 12. desember

 (17.12.2017)

På flott Hylestadmål heldt Andres Hedde (Helle) denne kvelden eit interessant føredrag om jolekort. Det eldste i samlinga som han hadde fått etter Anne Austad Tveit var frå 1906 og det siste frå 1986.

Tobbi Kvaale, styremedlem i Mållaget i Kristiansand, takkar her den "gamle" ungdomsskulelæraren sin for ei framifrå historie både i ord og bilete.

På jolefesten dette året var me berre 23 personar rundt middagsbordet, men det vart mest som eit triveleg familieselskap, kommenterte ein av gjestene. Også i år var det velsmakande pinnekjøt og kålrotstappe frå Studenten Catering, og der var rikeleg av det sidan me hadde venta fleire.

Medan Andres fortalde og viste mange av postkorta på stort lerret, kunne me andre kose oss med kaffi og twist. Han starta med å fortelje om jenta frå Austad som hadde samla på kort sidan ho var lita og korleis han fekk overta heile samlinga.

Fleire av dei fyrste korta synte bilete frå Setesdal for over 100 år sidan. Ved Ose skysstasjon låg "Dølen" til kai. Turistane kom med tog til Byglandsfjord og reiste vidare med båten til Ose, der dei kunne overnatte på Ose Turistheim. Storstoga frå 1600-talet, der Mållaga på Agder har hatt haustseminara dei siste åra, stod så staseleg rett ved sida av Turistheimen!

Andres fortalde også om kyrkja på Austad som vart flytt til Tveit i 1880, noko folk på Austad tykte lite om. Kyrkjegarden skulle dermed ikkje brukast, men etter 1911 vart det lov likevel.

Mange av dei eldste jolekorta har motiv frå landskap eller bygningar, og fleire er frå andre land. Frimerka syner kostnadsutviklinga, frå nokre øre til fleire kroner. Poststempla er også interessante. Dei syner årstalet når kortet vart sendt og kor det har vore postkontor, og dei var det mange av.

Det var særleg etter krigen at korta i samlinga fekk meir åndeleg preg, og Jesusbarnet kom med fyrst i 1986.

Avisa Setesdølen vart interessert i samlinga til Andres og meinte dette kunne vere noko å trykke. Jolenummeret har difor i fleire år trykt eit utval av jolekorta, og også i år vil det kome ein stor stor artikkel om emnet. Korta er med og syner korleis kulturen har endra seg både i klede, skrift, kommunikasjon og arbeidsliv.

Me sette stor pris på at Andres, som også er medlem i Mållaget i Kristiansand, ville dele dette med oss.

Etter føredraget var det tid til å røre på seg att. Kaffi og småkaker og livleg prat høyrde med før gangen rundt det fint pynta joletreet tok til. Me var så heldig å ha Lasse Stray til å spele piano, og me kom igjennom både "verdslege" og religiøse songar med mykje lått og godt humør, klare til å gå ut i den fine vinterkvelden.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS