FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Stoda for nynorsken - med sørlandsk vinkling

 (25.01.2017)

Magne Aasbrenn, leiaren i Noregs Mållag, vart ynskt velkomen til Kristiansand av Borghild Løver. Etter ei fin innleiing som fekk fram kor oppteken han er av nynorsk og dialekten sin, avslutta ho med med eit stev, laga spesielt til han. Fyrste gongen han hadde opplevd noko slikt!

Av positive hendingar for nynorsken på Agder var han imponert over Vegårshei Mållag som fekk i gang nynorskklasse for 14 elevar skuleåret 2016/17. Han nemnde også fleire nynorskforfattarar med tilknytning til Agder, og frå salen vart han gjort merksam på Kristen Stalleland frå Landvik som skipa Sysvorti, seinare Norsk Barneblad.

Han var innom kommunesamanslåinga og stoda for nynorsken i denne prosessen. Han viste ein oversikt over nynorskkommunane i Aust- og Vest-Agder, der det er fire i Aust- og to i Vest-Agder. Alle er innlandskommunar, og ei samanslåing med kystkommunar vil gjere at nynorsken får dårlegare kår.

Men svært gledeleg er det at Sirdal Mållag er skipa oppatt, noko reiseskrivaren Borghild Løver har mykje av æra for, og 13. februar skal det haldast skulemålsrøysting i Tonstad i Sirdal kommune.

Av utfordingar for nynorsken nemnde han forslaget frå programkomiteen i Høgre om å kutte skriftleg sidemålsundervisning.

Elles kom han inn på at det mange stader er ei positiv haldning til nynorsk og nemnde m.a. nynorsk litteratur. I haust var det nynorskfestival i Fredrikstad, og Fredrikstad Blad kom med ei digital utgåve på nynorsk. For 20 år sidan vart ikkje ein gong lesarinnlegg på nynorsk tillete i denne avisa!

Medlemstalet i Noregs Mållag er det høgste på 25 år: 12 411 medlemer! Mange innmeldingar kom i samband med intensjonsavtalen om samanslåing av dei tre vestlandsfylka. Svært mange meinte at ein språknøytral region ville utradere nynorsken!

Godt over 30 var innom Mållaget, og både møteleiar og leiar sytte for ei god stemning i salen, og mange nytta seg av høvet til å kom med spørsmål og innlegg.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS