FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Stadnamn i Kristiansand

Nokre tolkingar
av Ole Bernt Syvertsen

Sjølve bynamnet skil seg ut frå vanlege stadnamn i og med at det ikkje har vakse fram på folketunga “av seg sjølv”, men er fastsett av ein namngjevar, omtrent som ein barnedåp i kyrkja. I ein viss periode i historia vår var det vanleg at kongen brukte sitt eige namn til å lage by-, slotts-, og festningsnamn. I vårt tilfelle er det Kristian IV i 1641. Denne namnetypen finst over heile Norden.

Byen blei lagt på ein furumo i Oddernes. Dette er eit gammalt namn. I gammalnorsk var det Otrunes, som inneheld elvenamnet Otra. Me finn dette elvenamnet også i Odderøya.

I 1921 blei byen utvida med ein del av Oddernes, nemleg bydelen Lund. Tolkinga gjev seg sjølv, og det er opplagt at namnet er hundgammalt. Det er freistande å knyte namnet til ein heiden lund og til den gamle Odderneskyrkja. Gudane blei ofte dyrka i lundar. Og me veit at det var vanleg å byggje kyrkjene når dei gamle gudehova, eller til og med omlage dei til kyrkjer.
I 1965 kom det kommunesammanslåing, slik at Kristiansand gjekk inn i Oddernes, ikkje omvendt. Hadde språkleg-historiske og geografiske omsyn vore sætande, hadde namnet på storkommunen blitt Oddernes. Men byane har jamt fått særrettar i slike tilfelle.

Også grannekommunane, Randesund og Tveit, gjekk inn i den nye storkommunen. Namnet Randesund inneheld eit gammalt namn for ei øyrekkje, ei rand. Namnet lever i Randøya. Me kan konstruere gammalnorsk Randarsund.

Tveit er eit eksempel på noko vanleg, nemleg at namnet på prestegarden er blitt heradsnamn. Tveit er vanleg i gardsnamn, både usammansett, som her, og med eit eller anna førsteledd. Tydinga har truleg vore rydning. Men nå er ordet sjeldan brukt i anna enn namn.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS