Opplesing i Roligheden gård barnehage
(07.04.2018) Onsdag 21. mars møtte Gyro Nesland, Sylfest Lomheim og Solveig Lima opp i Roligheden gård barnehage for å lese nynorske biletbøker.
Gruppene me las for, var i alderen 4-5 år. Etter tur kom dei inn på leseromet der dei var møtt med fleire biletbøker og opplesing. Det var aktive og interesserte born, og dei såg ut til å gle seg over bøkene. Dei fekk m.a. høyre om Bella Bloksberg, Bella i barnehagen, Jakob og Neikob og Frosken som er lei seg.
Personnalet i barnehagen er svært positive til at borna får høyre nynorsk og vil gjerne ha besøk frå Mållaget. Me var der i to gonger i 2017 og vart ynskt velkomen tilbake til hausten. Det vil me sjølvsagt fylgje opp.
Barnehagen har tidlegare fått fleire biletbøker frå Mållaget, noko dei har sett pris på.
|