FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Generalforsamling i Gyldenløvesgt 11 Eigedom AS 23. mai

 (28.05.2018)

Generalforsamling i Gyldenløvesgt 11 Eigedom AS (G 11) vart halden i Mållags/BUL-salen onsdag 23. mai.

Det er styra i Mållaget og Bondeungdomslaget som utgjer generalforsamlinga. Innkalling med årsmelding, rekneskap, framlegg til styremedlemer for 2018 og til styrehonorar for 2017 vart sendt ut 14 dagar i førevegen.

 

 

 

Styret i G 11 er samansett av fire personar, to frå kvart lag. Frå Mållaget er det Dag Olav Hagen og Jan Petter Horn, nestleiar. Frå BUL er det Ole Steffen Gusdal, leiar sidan 2015 og Kari Mysen. Varafolk er Borghild Løver frå Mållaget og Oddmund Loland frå BUL.

Generalforsamlinga vart opna ved at leiaren i BUL, Reidun Loland, ynskte velkomen. Ho føreslo val av møteleiar og skrivar: Leiv Storesletten og  Tobbi Kvaale. Båe er mållagsmedlemer. Dessutan var det val av ein frå kvart lag til å underskrive protokollen: Embret Nesset, BUL, og Dag Olav Hagen, Mållaget.

Ei fyldig og oversiktleg årsmelding vart lagt fram av Ole Steffen. Jan Petter Horn, nestleiar og ansvarleg for økonomien, la fram rekneskapen. Det er store verdiar laga eig til saman, og årsresultatet 2017 syner 580 350 kr. Verdien av bygningen er på over 12 mill.

Ordstyraren, som sjølv var med på å stifte aksjeselskapet, peika på kor bra det er at det ikkje er laga lenger gjennom Sameiget som er ansvarlege for drifta med vedlikehald og utleige. Aksjeselskapet vart danna for å at laga framleis skulle ha økonomi til å halde fram lagsdrifta og samarbeidet mellom Mållaget og BUL har gått svært bra.

Protokollen frå generalforsamlinga finn de her:

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS