FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

UiA bryt mållova

 (20.06.2018)

UiA har lenge brukt alt for lite nynorsk. Det alvorlege er at dei heller ikkje har synt forståing for dei krav mållova sett for statlege institusjonar. Deira siste utspel tyder derimot på at leiinga ved UiA aktivt motarbeidar nynorsk som eit jamstilt språk. Det har ført til ordskifte i Forskerforum og Fædrelandsvennen. Språkrådet har bede om ein tiltaksplan frå UiA innan 1. juli 2018.

Resultatet for nynorskbruken ved UiA i 2017 står til stryk (F). På nettsidene er det 4,3 % nynorsk på www.uia.no og 0,9 % på www.kompetansetorget.uia.no. Av korte tekster på 1-10 sider finst ingen på nynorsk, men for tekster over 10 sider er det 5,5 %. På sosiale medium er 1,2 % på nynorsk. Berre 2 av 131 skjema finst på nynorsk i tillegg til bokmål. Alle målingar er milelangt unna kravet om 25 %.

Langt meir alvorleg enn dårlege målingar er det at leiinga ved UiA aktivt motarbeidar mållova. Me vonar det ikkje er ein offisielle politikk, men heller eit utslag av fåkunne. Uansett rart at dei ikkje har rådførd sitt eige nordiske institutt som sitt på fagkunnskapen. UiA ligg dessutan langt bak UiB og UiO når det gjeld bruk av nynorsk, og det ser ikkje ut som det har gått utover det faglege nivået deira. Snarare det motsette. Så kan ein spekulere i kva andre utslag diskriminering av nynorsk har førd til ved UiA.

Sylfest Lomheim vert intervjua om saka Fædrelandsvennen fredag 22. juni https://www.fvn.no/nyheter/lokalt/i/kaOpJk/Hudflettar-leiinga-pa-universitetet

Her ligg eit utval av saksdokument og lenker til saker i media:

http://files.zetta.no/www-nm-no/_filer/spraakraadet_uia_30042018.pdf

http://files.zetta.no/www-nm-no/_filer/spraakraadet_uia_24052018.pdf

https://www.forskerforum.no/universitet-ber-om-a-slippe-nynorsk-vil-heller-ha-engelsk/

https://www.forskerforum.no/ikke-bruk-utenlandske-forskere-som-argument/

https://www.fvn.no/mening/kronikk/i/vmKmEL/Vil-UiA-slippe-a-vare-et-universitet

https://www.fvn.no/mening/leserinnlegg/i/A2Mb53/-Nar-UiA-tror-de-er-USA

https://www.fvn.no/mening/kronikk/i/8wkq5Q/Den-brysamme-nynorsken

https://www.fvn.no/nyheter/lokalt/i/kaOpJk/Hudflettar-leiinga-pa-universitetet

https://www.fvn.no/mening/kronikk/i/OnAzqq/UiA-og-nynorsk?spid_rel=2

https://www.fvn.no/mening/leserinnlegg/i/qndvyO/Det-er-norsk-sprakpolitikk-a-halde-nynorsken-i-hevd

https://www.fvn.no/mening/leserinnlegg/i/m64eel/Onsdag-Agder-pa-malet

https://www.fvn.no/mening/leserinnlegg/i/7lG4k3/Trump-pa-UiA

 

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS