FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand 2018

 (17.12.2018)

 

Våren 2018 vedtok styret å utgreia stoda for medlemsmassen. Arbeidet var todelt; fyrst ein oppdatert medlemsstatistikk i mars og så gjennomføre ei spørjeundersøking for medlemmane i haust. Resultatet er no samla og resultatet skal leggjast fram for årsmøtet 12. februar 2019. 

Utdrag frå rapporten:

Medlemsutvikling 1987-2017: Rekorden vart sett i 1988 med 144 medlemer og lågmålet var i 1999 med berre 76. Ganske stabilt sidan 2012. Når det gjeld demografien for noverande medlemar er kjønnsdelinga i perfekt balanse med 64/64. Konklusjonen er at det er tynt med medlemar under 60 år sidan 75 % er 60+ og 49 % er 70+. Det var kanskje ikkje så uventa, men no er det i alle fall talfesta. På landsbasis er gjennomsnittsalderen i NM 60 år. Medlemstalet ved utgangen av 2018 er 128.

Spørjeundersøkinga 1-30. november: Undersøkinga vart send elektronisk som ei lenkje med e-post 1. november, med purring 20. Mållaget sende e-post til 95 medlemmar og av desse har 50 sett på undersøkinga, 25 tatt til og 23 fullført. 33 medlemmar har fått skjemaet i posten. Av desse 23 er 4 motteke på papir og så registrert inn i same system. To er levert under medlemsmøte og to sende i posten. Med 23 svar av 128 medlemmar er deltakinga på 18 %. Det er eit brukbart resultat, sjølv me kunne vona fleire deltok. Truleg har dei mest engasjerte tatt del. I gjennomsnitt har dei brukt 3 minutt og 22 sekund på å svara.

80 % vil vere med på mållagsmøte i 2019 og berre ein (4 %) svara nei. Dei 16 % som svara veit ikkje vil truleg sjå an program og tidspunkt. 13 % meinte 1-3 møte i året var nok. 39 % ynskte seg 4-6 møte, 43 % 7-9 og 4 % 10-12. Det var litt spreiing, men eg tolkar det slik at noverande frekvens med eit møte i månaden er bra. Det er òg uvisst korleis deltakarane har telt jolemøte og årsmøte. Når det gjeld aktivitetar og tema var dei mest populære dialektar (20), litteraturkveld (18), bokbad (16), lokalhistorie (13) og filosofi (11). Resten fekk 1-6 røyster, men det kan jamvel vere idear som kan kombinerast. Fokus på språk og litteratur var kanskje viktigaste konklusjon. Serveringa kan gjerast enklare. Finna noko som treff yngre. Kjende namn hjelper. Ein stad for gode samkome!

Sjå heile rapporten her:

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS