FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Yngve Kvistad gjesta mållaget tysdag 13. november 2018

 (14.11.2018)

Yngve Kvistad heldt føredraget "Nynorsk i media". Yngve har sidan 1990 vore tilsett i VG og var med på skipinga av Mediemållaget. Dei frammøtte fekk høyra han fortelje om historia attende til 1848 og ikkje minst situasjonen i dag etter at VG endra sin språkpolitikk i 2017.

Historia går attende til 1848 kor Ivar Aasen fekk sitt fyrste innlegg på landsmål på prent i Dagbladet. Deretter Dølen (1858-1870) til Aasmund Olavsson Vinje og Fedraheimen (1877-1891) til Arne Garborg. Dølen vart for einsidig og høgste opplag var dryge 600. Fedraheimen femna noko breiare, men vart jamvel for sært og etter kvart radikalt. Høgste opplag var på 1500. Den 17de Mai (1894-1935) er så langt det mest vellukka forsøket på ei landsdekkjande, nynorsk dagsavis. I 1911, då Den 17de Mai stod på sitt høgaste, viste offisielle tal at avisa hadde 13 729 abonnentar. Medrekna laussal hadde ho dermed eit opplag på rundt 15 000. Det var mindre enn Aftenposten og Morgenposten, om lag på nivå med Arbeiderbladet (Social-Demokraten) og Bergens Tidende, men større enn Dagbladet. Den 17de Mai var truleg også den norske avisa som hadde størst geografisk utbreiing. Då Den 17de Mai gjekk inn i 1935, vart Norsk Tidend grunnlagt som etterfølgjar. Norsk Tidend greidde ikkje å etablera seg som ei allmenn nyhendeavis, og er i dag medlemsblad for Noregs Mållag.

VG har lange og stolte nynorsktradisjonar etter krigen og fram til 1970-talet. På 1990-talet stilte VG på fylkesårsmøta for Mållaga og måtte ofte svara for den låge nynorskprosenten. Etter kvart brukte VG meir nynorsk der dei meinte det var naturleg. Det var mest opptil skribenten å avgjera språkforma. Jamvel vert mange lei av sur kritikk for språkbruken av konservative nynorskbrukarar. Gravalvoret øydelegg for den gode saka. VG har eit indre anarkistisk kollektiv i motsetnad til Aftenposten og Dagbladet som vil ha ein einsarta profil. Eit felles problem er kampen mot klokka og tidsfristar slik at ein ofte vel det enklaste. Språkrådet tok opp koplinga med pressetøtte for å hindra at nynorsk vart stengd ute av redaksjonane. Ironisk framstår Dagbladet i dag som den mest ihuga motstandaren av å sleppa til nynorsken.

Etter kvart viste det seg at angsten for at lesarane ville snu ryggen mot aviser som slapp til nynorsken var overdriven. I 2017 fekk sjefsredaktør Gard Steiro Målprisen på vegne av VG. VG har ikkje fått nokon klagar på at nynorsk offisielt er avkriminalisert. Aftenposten har òg kome etter. Spørsmålet er om det er ein symbolsiger med liten praktisk effekt.  

Sidan 1850 har det vore 170 nynorske avviser. I dag finst det 50 kor dei aller flest er på vestlandet. Dag og Tid (11.221) har vorte eit alternativ til Morgenbladet (26.174). Brorparten av abonnentane er i Oslo og Akershus. Kanskje er ikkje språkforma avgjerande? Det har skjedd ei oppmjuking av språkpolitikken i dei fleste mediehusa og motvilja mot bruk av nynorsk i media har vorte mindre synleg. Påstanden om at nokon ikkje forstår nynorsk er grundig tilbakevist og mange tenkjer ikkje lenger kva språk som vert nytta. Nynorskbrukarar finst overalt, ikkje minst i byane og det vert vanskeleg skilja nynorsk og bokmål etter tema. Om lag 500.000 nordmenn krev sjølvmeldinga på nynorsk.

Diverre var det berre 12 som kom, men det var eit godt og lærerikt møte. Det var allsong før og etter føredraget, og under matøkt. Rundstykkja smakte framifrå og me vart sitjande båe lenge og vel.

Forfattaren har henta tilleggsopplysningar frå alkunne.no for å få eit betre historisk oversyn i fyrste avsnitt. Opplagstal er oppdatert med 2017 tal i nest siste avsnitt.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS