FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Program våren 2019

 (19.12.2018)

Hjarteleg velkomen til Mållaget i Kristiansand vinteren/våren 2019. Alle medlemsmøte på tysdagar tek til klokka 19. Sjå meir detaljer på framsida like før møta sidan det kan verte endringar i programmet:

Tysdag 15. januar: Lagsmøte. Språkforskar Ruth Vatvedt Fjeld: "Norsk banneordbok".

Tysdag 5. februar: Lyrikkveld: Ta med deg eit dikt og kom!

Tysdag 12. februar: Årsmøte.

Tysdag 5. mars: Lyrikk/litteratur. Samarbeid med Studentmållaget.

Tysdag 19. mars: Lagsmøte. Forfattar Arnhild Skre: "Kald krigs kviskring. Barndom under den kalde krigen".

Tysdag 2. april: Lyrikk/litteraturkveld.

Tysdag 7. mai: Lagsmøte. Professor Jan Inge Sørbø: "Nynorsk litteraturhistorie".

Fredag 17. mai: Kransnedlegging og tale ved bysta til Jørgen Løvland.

Sundag 2. juni: Nynorsk gudsteneste ved forfattar Edvard Hoem. Kyrkjekaffi i Mållagssalen.

http://files.zetta.no/www-nm-no/_filer/program_vaaren_2019.pdf

Kort presentasjon av føredragshaldarane våren 2019:

15.01.: Ruth Vatvedt Fjeld: «Norsk banneordbok» Ruth Vatvedt Fjeld er født i 1948 i Aremark. Ho er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har halde mange kurs i skriftleg norsk i offentlege etatar og i næringslivet. Fjeld har undervist i klarspråk og praktisk norsk, og ho har skrive lærebøker om norsk språkbruk, gitt ut ordbøker og mellom anna forska på ordforråd. Interessen for banneord starta då ho jobba som språkkonsulent for NRK, fortel ho i intervju med NRK Østfold i sommar. Då ho jobba i NRK, måtte ho slå hardt ned på banneord, og det var ho som måtte svare når folk klaga over banning på lufta. Boka «Norsk banneordbok» kom ut på Humanist forlag i oktober 2018, og i denne boka har ho samla over 1000 norske banneord.

Årsmøte 11.02. Innkalling til årsmøtet kjem 14 dagar i førevegen.

19.03.:  Arnhild Skre: «Kald krigs kviskring. Barndom under den kalde krigen». Forfattaren er født i Bergen i 1952. Ho har solid røynsle som kulturjournalist gjennom meir enn tretti år i NRK, Dag og Tid og Aftenposten. Ho har doktorgrad i historie og har skrive kritikarroste biografiar om Theodor Kittelsen, Ragnhild Jølsen og Hulda Garborg. I 2011 fekk Arnhild Skre Brageprisen for biografien «Hulda Garborg. Nasjonal strateg». Samlaget skriv at i «Kald krigs kviskring» blir idyllisk etterkrigsbarndom omskapt til velskrivne essay om forteiing og angst for atomkrig. Skre utforskar korleis NATO-medlemskap, frykt for atombomba, Koreakrigen, kommunistjakt og Cubakrisa var med og forma norske barnesinn etter andre verdskrigen. «Eg trudde lenge at eg voks opp i ei roleg tid på ein stad verna for verda. Larmen frå andre verdskrigen var stilna. Atomprøver small i den tidlege kalde krigen, men smella var langt borte.» (Sitat frå Arnhild Skre på omslaget til boka.)

07.05.: Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Sørbø er født i 1954 på Rennesøy i Rogaland. Etter litteraturvitskapleg utdanning frå Universitetet i Bergen var han journalist i Dagen og i Stavanger Aftenblad før han kom til Møreforsking i Volda i 1990. I 2001 blei han utnemnd til professor i nordisk litteraturvitskap ved Høgskulen i Volda, og seinare professor i nynorsk skriftkultur same stad. Det Norske Samlaget fylte 150 år i 2018, og forlaget gav i jubileumsåret ut Nynorsk litteraturhistorie skrive av Jan Inge Sørbø. Samlaget skriv m.a.: «Boka er ei reise i den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag – og gjev eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur.» Det er i samband med utgjeving av Nynorsk litteraturhistorie han kjem til Mållaget.

Sundag 02.06.: Nynorsk gudsteneste. Edvard Hoem er fødd i Fræna i Romsdal i 1949. Hoem har sidan 1969 gitt ut nær 40 romanar, skodespel, eigne diktsamlingar, gjendiktingar, dokumentarromanar, samlingar med salmar og balladar og biografiar. Gjennombrotet kom med romanen Kjærleikens ferjereiser i 1974. Familiebakgrunn og oppvekst på Romsdalskysten pregar mange av bøkene, noko som som kjem tydeleg fram i Mors og fars historie (2005). Med Slåttekar i himmelen (2014) fortel han med innleving om oldefaren og slitet på småbruket i Molde og gjev samtidig eit historisk korrekt bilete av tida på slutten av 1800-talet. Hoem var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2005, og vart utnemnd til statsstipendiat i 2011. Nokre av salmane han har dikta er med i salmeboka frå 1997, og fleire av desse skal syngast under salmekvelden i Domkyrkja laurdag 1. juni.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS