FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Mållagsmøte tysdag 15. januar 2019 med Ruth Vadtvedt Fjeld, forfattar av Norsk banneordbok

 (16.01.2019)

Vibeke Lauritsen ynskte velkomen og møtet vart innleia med tre songar av Kor HEFtig. Dei hadde ikkje funne songar med bannord, men avslutta med tante Sofie sin song som i det minste inneheld ein del frustrasjon. Etter den musikalske innleiinga fekk Ruth Vadtvedt Fjeld ordet og byrja si analyse av fenomenet banning. Det var godt oppmøte (minst 65) med elevar frå KKG og koret i tillegg til trufaste medlemmar.

Kva er banning? Stygt språk. Kraftuttrykk for sterke kjensler, utfordring av tabu og ålmenn folkeskikk, markering av avstand og opposisjon. Kjensle av avmakt. Forsterking som adjektiv eller adverb.

Alle bannar! Banneuttrykk er innarbeid i språket båe direkte og indirekte som omskrivingar. Tenkjer ofte ikkje over kva ein seier. Vane/uvane. Store lokale og kulturelle variasjonar.

Formar for uttrykk: Utskjelling/kalling; latsabb, sluske. Banning; nemne vonde- eller gode overnaturlege krefter, ekskrement, sjukdom, dauden. Tabu: definisjonsmakt, kontrollera andre sitt språk, skilje dei og oss.

Funksjon: 1. Retta mot andre, forbanning, bannlyse, pokker (koppar) 2. Ego: Retta mot seg sjølv, sverjing.

Celestial banning: Gud, Jesus, Maria, helgenar, himmelen; jaggu, neigu, herregud, helledussen, herre min hatt, jøss, jøsses, jeremias, pinadø, pinadeg, pikatre, malla (Maria), milde måne, gurimalla.

Hel, helheim, helvete, hællvete, svarte, beksvarte, bekmørtna, dit peppern gror, ad dundas, fillern, fytti rakkern, fytte katta, pinadø.

Fanden (fienden), faen, dæven, dægerten, hunden, satan, søren, fy søren, søtten, gå heim og vogg.

Oppsummerande kommentarar: Helvete er avskaffa og faen er ikkje lenger tabu. Globalisering av bannord gjer at ungdom nyttar engelske uttrykk utan å tenkja over meininga. Stort sett avgrensa til variasjonar av fuck. Dei ynskjer å oppnå sosial aksept, sjølv om bruken av bannord truleg ikkje er nok. Med færre tabu kan det verte vanskelegare i framtida å finna effektfulle bannord!

Matøkta var som vanleg viktig for samkomet med kaffi, te, kaker og frukt. Takk til alle som stilte opp!

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS