FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Samandrag frå møtet med Fædrelandsvennen torsdag 7. februar 2019

 (08.02.2019)

Fvn var vertskap for møtet 12-14 i sine nye lokalar på Torget i Kristiansand med Eivind Ljøstad, ansvarleg redaktør og Helene Abusdal, leiar Fvn Event. Frå Mållaget i Kristiansand stilte Tobbi Kvaale, Solveig Lima og Ronny Rognhaugen. I tillegg stilte Borghild Løver for Mållaga på Agder.

Tobbi hadde send invitasjon til alle redaksjonane på Agder, men ingen andre fann tid til å møta. For NLA Mediehøgskolen Gimlekollen stilte Terje Skjerdal, men diverre ingen studentar. Øystein Skjæveland stilte som rådgjevar og held hovudinnlegget. Han tok utgangspunkt i sitt hefte «Språket i redaksjonen, ei verktøykasse for meir og betre journalistikk på nynorsk». Nokre hefte vart lagd att i redaksjonen.

Nokre hovudpunkt:

  • Det vert stendig færre hinder for nynorsk i redaksjonane og motstanden frå lesarane er svekt
  • Fleire aviser som Bergens Tidende, Klassekampen, Nationen og Vårt Land stillar journalistane fritt til å skriva på det språket dei ynskjer
  • Nynorsk er mindre normert enn bokmål og det gjev dei skriveføre større handlingsrom
  • Dag og Tid (11.221) utfordrar Morgenbladet (26.174) som den viktigaste norske vekeavisa (opplag 2017)
  • https://framtida.no/ er retta mot born og unge
  • Redaksjonar kan få støtte til språkkurs og språkrøktar gjennom Vinjefondet
  • Journalistutdanninga i Førde tek inn 10 studentar kvart semester som treng praksisplassar; Fvn har hatt ein slik praktikant, men diverre for lite rom til nynorsk til å fylla stillinga
  • Nynorsk pressekontor har mange saker som kan limast rett inn i avisa
  • Hjelpemiddel: «med andre ord», «på godt norsk», språknøkkel Dag og Tid, Nyno, Orion og Tansa for rettskriving, klårspråk og avløysarord

Fvn har nokre journalistar som skriv nynorsk, men dei har tradisjon for at bruken er avgrensa til dei indre bygder, Setesdal og folkemusikk. Redaktøren avgjer om dette skal endrast, og Ljøstad er meir positiv til nynorsk enn sine forgjengarar. Skjæveland kunne opplyse om at meir enn 2000 får sjølvmeldinga si på nynorsk i Kristiansand og det er like mange som i Bygland, Valle og Bykle til saman; sjå detaljer her. Ei utfordring er saker i nettavisa som oppdaterast av fleire journalistar. Då er det vanskelegare med nynorsk sidan alle ikkje er gode nok. Derimot kan alle bokmål. På spørsmål om kva Mållaget kan gjera for å få inn meir nynorsk oppmoda Ljøstad oss til å finna skribentar som kan skriva fast for Fvn. Etter presentasjonen og matøkta vart det omvising i heile det gilde bygget. Ljøstad måtte gå litt tidlegare.

Styret skal drøfte vidare oppfylging etter årsmøtet. (foto av Solveig og Tobbi):

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS