FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Mållagsmøte tysdag 19. mars med forfattar Arnhild Skre som fortalde om boka si "Kald krigs kviskring"

 (05.03.2019)

Planen var at føredraget skulle ha vore i 2018, men det måtte utsetjast til i år. Ho gjesta òg Mållaget i 2012 i samband med biografien om Hulda Garborg. "Kald krigs kviskring. Barndom under den kalde krigen" kom ut 2017. Me var 16 frammøtte.

Ho fekk ideen til boka då familien skulle rydde i kjellaren. Mengder av Noregsglas vitna om ei anna tid og andre tankar. Etterkrigstida med framtidsoptimisme, store barnekull, kald krig og etterkvart uroa for atomkrig. Etter andre verdskrig var det synlege teikn på kva som hadde gått føre seg; Swansea sentrum i Wales (Rosy Trible). Etter den kalde krigen var det mest kollektive minne. Frykta for atombomba smitta over på borna. Det var krig i Asia, Afrika og Midt-Austen. USA vil ut av Europa og dei europeiske NATO landa må ta større ansvar for eige forsvar. Våpenkapplaup med Sovjetiske prøvesprengingar på Novaja Semja. Kjernefysisk nedfall som det ikkje vert snakka om. Styresmaktene vågar ikkje gå ut med informasjon om at mjølk kan vere helsefarleg.

Sivilforsvaret er aktivt med beredskapsplanar for evakuering. Ofte øvingar på flyalarm. Forsvaret er stort og synleg for alle. Kråkerøytalen til Einar Gerhardsen 1948 varslar oppgjeret med kommunistane. Overvakingspolitiet for utvida fullmakter. Ungkommunistar dreg på leirar i Moskva; Moskvanetter. Potensiell fare for 5. kolonistar, den indre fiende. Fyrste boka om James Bond kjem i 1953; Casino Royale. Geir Lundestad: Øst, vest, nord, sør. Kopling mellom Sovjet og fredsrørsla i Vest-Europa.

Parallelt var det kulturkrigen med amerikansk populærkultur; musikk, mote og levestandard. Amerikanisering med Elvis og Olabukse. Syndikatlitteraturen og teikneseriane. Eva Nordland granska om teikneseriar var skadelege, men fann ikkje prov for det. Norsk Kulturråd vart oppretta som ei motvekt. Innkjøpsordning for bøker og etterkvart annan kunst. Morten Jentoft: Klassisk, russisk musikk kultur var overlegen amerikansk. Jazz vert ikkje godteke før langt utpå 1970-talet. Ballettdansaren Rudolf Nurjev hoppar av til vesten i 1962. Cubakrisa oktober 1962: 13 dagar på randen av atomkrig.

Modernismen. Tove Jansson: Kometen kommer (1962). Tarjei Vesaas: Brann (1962). Olav H. Hauge: Under bergfall. Foreldreaksjonen mot samnorsk.

Etter føredraget vart det tid for nokre spørsmål og kommentarar før matøkta. Mot slutten vart det allsong med "Moskvanetter", "Den siste mohikanar" og sjølvsagt "Å leva det er å elska"

 

Klipp frå omtale på Samlaget sine nettsider:

Nytt blikk på etterkrigstida

«Eg trudde lenge at eg voks opp i ei roleg tid på ein stad verna for verda. Larmen frå andre verdskrigen var stilna. Atomprøver small i den tidlege kalde krigen, men smella var langt borte.»

Slik tenkte historikaren Arnhild Skre lenge om barndommen sin i 1950-åra. Men no, med barndommen på avstand, har ei uro slått inn og skapt tvil. Kanskje levde ho også ein kaldkrigsbarndom?

Norsk NATO-medlemskap frå 1949. Frykta for atombomba. Koreakrigen 1950–1953. Kommunistjakt. Cubakrisa i 1962. I denne nyskapande og velskrivne essaysamlinga utforskar Skre korleis desse hendingane var med og forma norske barnesinn etter andre verdskrigen.

I Kald krigs kviskring blir idyllisk etterkrigsbarndom omskapt til forteljingar om kvardagslusking, forteiing, angst for atomkrig. Og om ein kaldkrigsmentalitet som velta rundt på norsk daglegliv og kultur.

For meir informasjon: https://samlaget.no/products/kald-krigs-kviskring

Om forfattaren: https://samlaget.no/collections/arnhild-skre

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS