FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Jan Inge Sørbø gjesta Mållaget tysdag 7. mai 2019 og snakka om nynorsk litteraturhistorie

 (08.05.2019)

Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda. Han tok utgangspunkt i sitt storverk «Nynorsk litteraturhistorie» og vart introdusert av Ernst Håkon Jahr. Boka er på 680 sider og 2,2 kg. Ho kom ut i samband med 150-årsjubileet for Samlaget i 2018, og er ei reise i den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasens og fram til i dag. Sørbø hadde gjennomført variantar av føredraget 32 gongar. Han nemnde eit utval av velkjende og mindre kjende nynorske forfattarar. 21 frammøtte.

 

Fyrst ut var Olai Aalen frå Rennesøy. Han var far til to oppvakte søner og flytta til Stavanger for at dei skulle få høve til betre utdanning. Han var òg mannen bak uttrykket «morgonmenn» eller «morgonmenneske». Dette er føregangsmenneske som kan inspirera ungdommen til gilde tankar.

Mange kvinner var med, men helst i bakgrunnen. Mange vart feil-lesne og undervurdert. Petra Kvisli frå Arendal debuterte i 1907 med romanen «Birgit». Haldis Moren (1929), Aslaug Vaa (1934); heimstaddiktar frå Telemark, Gro Holm (1932); konflikt jordbruk-industri, Maria Takvam (1950-1980); frykt for alderdom .

Ivar Aasen rekonstruerte det norske språket på grunnlag av det levande talemålet. Aasen var anti-romantisk. Aasmund O. Vinje sprengde med «Dølen» (1858-1870) grensene for kva nynorsk kunne nyttast til. Professor Marcus Monrad var skeptisk til at «bondespråket» skulle nyttast i akademia og på teater. Polemikk med Vinje.  Arne Garborg; omgangsskulelærar, seminaret på Holt, Tvedestrandsposten, Fædreheimen, «Ein fritenkjar», Syn og Segn, 17de Mai. Henrik Krohn; Fraa By og Bygd (1870). Samlaget (1868) var skipa som ein bokklubb. Vestmannalaget var fyrste mållag same år.

Nynorsk salmebok (1925). Sven Moren; frilynde ungdomslag. Konflikt mellom frilynde og pietistiske grupperingar. Gud, heim, nasjon og folk; religion var ein innebygd del av det nasjonale. Dei frilynde var opne for dans og musikk, men var elles like kristne og avhald stod sterkt i båe grupper. Matrikkelkonvensjonen (1840) opna for uavhengige kristne forsamlingar og kyrkjelyder. 

Ludvig Hope var aktiv i Kinamisjonen. Lars Oftedal, Stavanger ber om tilgiving for sine syndar i 1891, men mistar alle tillitsverv på 24 timar. Vinn dei att før han døyr. Matias Orheim skreiv songar og salmar og vert ein mytisk figur. Harde åtak mot pietismen frå Olav Duun og Jacob Sande, i tradisjonen frå Vinje og Garborg. Olav Aukrust ser føre seg ei samanblanding av norrøn tru og det nye testamentet; Yggdrasil og Kristus, kristne det norrøne.

Folkehøgskulane vert språklege samlingspunkt i mellomkrigstida. Lars Eskeland på Voss konverterar  til katolisismen og må slutta som rektor. Sonen tek over. Broren Severin er aktiv på Stord. Lærarseminar på Notodden, Elverum  og mange andre stader. Siste steget før universitetet i Oslo. Henrik Rytter omsett Shakespeare til nynorsk på imponerande kort tid. Kan vera vanskeleg tilgjengeleg i dag og finst på mange antikvariat.

Det nynorske mennesket (1927). Målfolket skal vera kjerna i folket. Dygder jfr. Vangsgutane; ærlege, modige og offerviljuge. Nynorsk norm anno 1900; oppbyggjande. Nasjonalromantisk litteratur vert utfordra av modernismen med Duun og Vesaas. Olav Duun «Medmenneske»; psykopatiske trekk, vilje til makt, nifse personar, nærleiken til det vonde, Dostojevskij. Tarjei Vesaas «Dyregodtmannen», angst, krig og vondskap. Olav Aukrust (1915/1916) «Bilbeistet»; dekadanse, forfall, kontrastar, aga. Ragnvald Vaage (1920); prosten køyrar for fort og skræmer eit fylgje som skal i barnedåp.

Engvald Bakkan frå Åmli, flytter til Stavanger. «Regnbogen i toreskya»; enkemann + svigerinne = incest; fredlause. «Men han var Alexander» handlar om frukthandlaren som trur han er Alexander den store.

Heimstaddiktar: rural realisme, avansert urbanismekritikk

Identitetsrørsle jfr. Sigurd Skirbekk: skilje nasjonalisme og imperialisme.

Etter føredraget var det allsong og matøkt. Meir informasjon om boka finn du her: https://framtida.no/2018/05/29/nynorsk-litteraturhistorie-samla-for-forste-gong

Kronologisk liste over bibliografiar for dei som er nemnd ovanfor, hovudsakleg frå Alkunne:

Olai Aa. Aalen (1874-1949) https://nn.wikipedia.org/wiki/Olai_Aa._Aalen

Petra Kvisli (1874-1947) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/k/petra-kvisli//94/708/

Haldis Moren Vesaas (1907-1995) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/halldis-moren-vesaas/105/1290/

Aslaug Vaa (1889-1965) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/aslaug-vaa/105/1024/

Gro Holm; forfattar i ei brytingstid. (1878 -1949) http://www.nvim.no/kvinnestemmer-fra-odda/gro-holm-article409-875.html

Ivar Aasen (1813-1896) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/a/ivar-aasen/112/1030/

Aasmund O. Vinje (1818-1870) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/aasmund-olavsson-vinje/105/1075/

Marcus Monrad (1816-1897) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/m/marcus-monrad//96/86973/

Arne Garborg (1851-1924) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/g/arne-garborg/90/3943/

Henrik Krohn (1826-1879) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/henrik-krohn/1898/78229/

Sven Moren (1871-1938) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/m/sven-moren//96/738/

Ludvig Hope (1871-1954) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/h/ludvig-hope//91/680/

Lars Oftedal  d.e.  (1838-1900) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/o/lars-oftedal-de//98/83983/

Matias Orheim (1884-1958) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/o/matias-orheim//98/85784/

Olav Duun (1876-1939) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/d/olav-duun/87/1292/

Jacob Sande (1906-1967) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/jakob-sande/1898/78114/

Olav Aukrust (1883-1929) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/a/olav-aukrust//79/1220/

Lars Eskeland (1867-1942) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/e/lars-eskeland//88/1104/

Severin Eskeland (1880-1964) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/e/severin-eskeland/88/5671/

Henrik Rytter (1877-1950) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/r/henrik-rytter/101/1047/

Tarjei Vesaas (1897-1970) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/tarjei-vesaas/105/1198/

Ragnvald Vaage (1889-1966) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/ragnvald-vaage/105/1932/

Engvald Bakkan (1897-1982) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/b/engvald-bakkan//85/1454/

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS