FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Tale og kransnedlegging for Jørgen Løvland 17. mai 2019

 (17.05.2019)

Sidan 2012 har medlemmar for Mållaget i Kristiansand stått for talen som inngår i det offisielle 17. mai programmet. I år var det Ronny Rognhaugen sin tur. 

Talen vart halden utan manus for å æra Jørgen Løvland som var namngjeten for sitt gode minne. Teksten nedanfor var underlaget for sjølve talen og det er ikkje fullt samsvar mellom tale og tekst. Men eg vonar det meste kom med og kanskje noko attåt.

Oversikt over liv og virke:

3. februar 1848 fødd på Evje. Løvland var av bondeslekt med stortingsmenn båe på fars- og morssida. Ueland og seinare Jaabæk var heltane.

1864-1865 Lærarseminaret på Holt. Storebror Eiliv sende Dølen heim då han gjekke der i 1860; «Les og veks». Arne Garborg (1851-1924) gjekk same skulen 1868-70.

1866-1878 Lærar i folkeskulen i Kristiansand. Var med og skipa ein skøyteklubb i desember 1869. Borte etter nokre år.(i) Privat lærarinneskule for 10 elevar frå 1871, fyrste offentlege eksamen 1874 med gode resultat.(ii) Permisjon 1876/1877. Bygland om vinteren, Dresden vår/sumar.

1878-1884 Styrar for amtskulen i Nedenes (Bygland, Herefoss, Åmli, Bygland, Hornnes, Vegusdal).

Attende i Kristiansand mai 1884. Bladstyrar i Christianssands Stiftsavis 1884-1892 (1790-1896).(iii) 9. desember 1884 Gift med lærar Laura Mathilde Torkildson (1851-1938). Gunnar (1885-1946) og Torkell (1889-1976). Saman med familien flytte han til Kristiania 1897 og der budde dei sidan.

Jørgen Løvland vart tingmann for Venstre 1885 (1886–88), 1892–98 som odelstingspresident (Kristiansand) og 1913–15 som stortingspresident (Aust-Telemark). Han røysta for diktarløn til Alexander Kielland og det lika veljarane i Kristiansand så dårleg, at han ikkje vart attvald til Stortinget i 1888. Leiar for jernbanekomiteen på 1890-talet og leiar for grunnlovsjubileet i 1914.

Løvland var arbeidsminister 1898–1903, utanriksminister 1905–07 og statsminister og utanriksminister 1907–08. Han avslutta si politiske karriere som kyrkje- og undervisningsminister 1915–20 under Gunnar Knudsen. 1917-reforma og fornorsking av bynamn, fylke m.m.

1897-1922 Medlem av Nobelkomiteen, leiar frå 1901.

Var med å skipa Noregs Mållag i 1906 og var leiar 1909-1912.

1908-1915 Tollskrivar, tollkasserar i Kristiania frå 1910.

21. august 1922 Død

Sitat:

Torgeir Berulvson, som sjølv seinare vart ein vidkjend lærar og styrar av amtskulen, har sagt desse orda om Jørgen Løvland som lærar:

Han sat inne med uhorveleg mykje kunnskap, og han hadde ein utifrå klår, visshøv og truverdig måte å bera han fram på. God til å læra ifrå seg var han, og for meg var skuletimane hans reine feststunder. Sogetimane minnest eg best; det kosta ingenting å fortelja uppatt leksa når han hadde fortalt ho dagen fyreåt.(iv)

Lærar Laura Mathilde Torkildson (1851-1938), yngste born av trelasthandlar, stadshauptmann (borgarkaptein) Tørres Torkildson (1812-1854) og handlande Berthe Marie Ellefsen (1812-1893).

Valdeltakinga var på 87 % i 1885 og 92 % i 1888 av 885 røysteføre. Tredobling av røysteføre mellom 1876 og 1894. Embetsstanden var totalt dominerande i Kristiansand.(v)

Edvard Hagerup Bull, fortel at Løvland kvar sundag under opphaldet i Stockholm (1905), gjekk til fransk messe. Språket hadde han lært seg sist han var i den svenske hovudstaden (1899-1900), men no sat han i kyrkja og lærde gloser og uttale.

Christian Michelsen:  «Hadde eg visst like mykje som Jørgen Løvland, ville eg ikkje ha fått utretta det slag».

I 1915 blei Jørgen Løvland kyrkje- og undervisningsminister. Løvland fekk norska opp namneverket, og han ber ansvaret for den norske rettskrivingsreforma av 1917. At Jørgen Løvland var norskdomsmann fullt ut er det ikkje tvil om. I eit foredrag i 1904 sa han:

«---Maalet er, um ein vil, den lekamen, nationen si aand lever i. Drep maalet, og nationen døyr».(vi)

Tillegg:

Målstrid i Kristiansand; Marius Nygaard vart adjunkt og overlærar ved Katedralskolen i 1864-1876. Han kom frå krinsen av målmenn i Bergen som seinare skipa Vestmannalaget i 1868. Kommisjonær for Samlaget, skreiv i Stiftsavisen om målsaka, held kurs i landsmål og diskusjonar i Lærerforeningen.  Han var òg aktiv i samband med 1907 rettskrivinga; norrøn filolog, venstremann og folkeopplyser. Mållaget i Kristiansand var skipa i september 1900.(vii)

I ein periode var dei båe tilstades i Kristiansand (1866-1876). Møttes dei og hadde dei seinare kontakt? Nygaard var involvert i 1907-reforma og Løvland i 1917-reforma.

Kjelder:

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Jørgen_Løvland#L.C3.A6raren

https://nbl.snl.no/Jørgen_Løvland

https://www.allkunne.no/framside/biografiar/l/jorgen-lovland//95/3715/

i Sverre Steen (1948): Kristiansands historie 1814-1914, Grøndahl & Søn, Oslo 1948. Side 568.

ii Sverre Steen (1948): Kristiansands historie 1814-1914, Grøndahl & Søn, Oslo 1948. Side 322.

iii Sverre Steen (1948): Kristiansands historie 1814-1914, Grøndahl & Søn, Oslo 1948. Side 461

iv https://www.setesdalswiki.no/wiki/Jørgen_Løvland#L.C3.A6raren

v Sverre Steen (1948): Kristiansands historie 1814-1914, Grøndahl & Søn, Oslo 1948. Side 454-456.

vi https://www.setesdalswiki.no/wiki/Jørgen_Løvland#L.C3.A6raren

vii Sverre Steen (1948): Kristiansands historie 1814-1914, Grøndahl & Søn, Oslo 1948. Side 318, 564-565.

 

 

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS