FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Årsmøte i Sunnmøre Mållag 2020


Velkomen til årsmøte for Sunnmøre Mållag laurdag 7. mars 2020! 

Årsmøtet vert i kafeen på Sunnmøre Museum klokka 11.00. I tillegg til vanlege årsmøtesaker, set vi av tid til utkastet til nytt prinsipprogram for Noregs Mållag, som skal vedtakast på landsmøtet i april. 

Vel møtt! 

 


Les meir
– Nynorsk må vere administrasjonsspråk

– Å ta nynorsken frå ein sunnmøring, er det same som å ta grunnmuren frå heimplassen vår, seier nyval leiar i Sunnmøre Mållag, Knut Falk.


Les meir
Krav om nynorsk i offentlege anbod

Fråsegn frå årsmøtet 2016:

Språk må vere eit krav i offentlege anbod for å unngå at nynorsk forsvinn når private verksemder tek over offentlege oppgåver


Les meir
 
Seminar og årsmøte 2016

Laurdag 27. arrangerer Sunnmøre Mållag Sunnmørsseminaret - denne gongen på Rokken Studenthus i Volda. Ei av hovudsakene vert mellom anna kommunereformen og nynorsk. Øystein Grønmyr frå Sula Mållag vil presentere rapporten om nynorsk si stilling i eventuelle kommunesamaslutningar.

Søndag 28. februar held Sunnmøre Mållag årsmøte på Volda turisthotell.


Les meir
Seminar og årsmøte 2016

Laurdag 27. arrangerer Sunnmøre Mållag Sunnmørsseminaret - denne gongen på Rokken Studenthus i Volda. Ei av hovudsakene vert mellom anna kommunereformen og nynorsk. Øystein Grønmyr frå Sula Mållag vil presentere rapporten om nynorsk si stilling i eventuelle kommunesamaslutningar.

Søndag 28. februar held Sunnmøre Mållag årsmøte på Volda turisthotell.


Les meir
 
Årsmøte 2015 og seminar i Fosnavåg

Laurdag 28. februar har Sunnmøre Mållag årsmøte. Me ønskjer å kombinere årsmøtet med eit seminar der hovudtemaet er verknaden kommunereforma kan ha på statusen for nynorsken. 

 


Les meir
Merksemd til nynorskklassa på Åsestranda skule

Les meir
 
Ros for nynorskbruk i næringslivet

Ellen Beate Wollen tok i mot målblome på vegne av Stranda SkisenterFleire verksemder i næringslivet byrjar å nytte nynorsk. Ei av dei siste er Stranda skisenter. Då private eigarar overtok etter kommunen, bytte dei frå bokmål til nynorsk. For dette vart verksemda ved Ellen-Beate Wollen (bilete) påskjøna med målblome og lovord på årsmøtet, der stemninga var god.

Bilete: Ellen Beate Wollen tok i mot målblome på vegne av Stranda Skisenter. T.v.: Terje Kjøde.


Les meir
Årsmøte i Stordal

Marit Kaldhol. (Foto: Øyvind Eide)

Laurdag 15. mars 2014 held Sunnmøre Mållag årsmøte i Nilsgardstunet i Stordal.

Møtet startar kl. 11.00 og varer til om lag kl. 14.00.

Forfattar Marit Kaldhol er mellom gjestene, og vil halde eit kåseri.


Les meir
 
Program for Sunnmørsseminaret 2013

Sunnmøre Mållag skipar på nytt Sunnmørsseminaret. I år vert seminaret halde på Ivar Aasen hotellet i Ørsta 23. og 24. november. 


Les meir
Heidra Hødd, Ivar Aasen og Språkåret 2013 med appell, gåve og allsong

Under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i august fekk Idrottslaget Hødd Sunnmøre Mållag sin målblome for godt nynorsk språk. Då utfordra medieansvarleg i klubben, Lars-Petter Rønnestad, mållaget om å lage eit pauseinnslag på Høddvoll under ein Hødd-kamp. Søndag 6. oktober tok me ballen på sparket.


Les meir
 
Målblome til Hødd Fotball

Hødd Fotball fekk overrekt Målblomen av styret i Sunnmøre mållag under Trebåtfestivalen. Frå v.: leiar Terje Kjøde, styremedlem Iselin Nevstad Øvrelid, mediesjef Lars-Petter Rønnestad i Hødd Fotbatt og nestleiar i mållaget Kristian Fuglseth.

Under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik laurdag fekk Hødd Sunnmøre Mållag sin målblome. Sist fylkesmållaget gav ei slik påskjøning, var i november i fjor. Då fekk verksemdene Kleven Verft og Plany. Det er med andre ord ei påskjøning som heng ganske høgt. Det var leiaren i Sunnmøre Mållag som delte ut prisen til Hødd sin mediesjef Lars-Petter Rønnestad.


Les meir
Jon Tvinnereim vann målprisen
Jon Tvinnereim vann målprisen
Det var ein glad og takksam Jon Tvinnereim som fekk Sunnmøre Mållag sin målpris for 2012 på Sunnmøre Mållag sitt årsmøte i Aasen-tunet laurdag.

Les meir
 
Fråsegner til Kunnskapsministeren: Styrk sidemålet og la norsk vere obligatorisk i lærarutdanninga
Sunnmøre Mållag vedtok to fråsegner på årsmøtet 9.mars i Ivar Aasen-tunet. Begge går til Kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Les meir
Velkomen til nynorsk kaffi
Måndag startar stafetten i Volda og Ørsta. Randi Blichfeldt og Terje Kjøde ønskjer alle velkomne til god nynorsk og gratis kaffi på Fugl Føniks Ørsta. Der får du gratis kaffi, te, kakao eller anna drikke mellom klokka 11 og 12. Ørsta Mållag spanderer.

Les meir
 
Språkstafetten kjem til kommunane Skodje og Ørskog 1. februar
- Skodje og Ørskog Mållag har starta planlegginga for 1. februar, då språkstafetten kjem til desse to kommunane. Før helga var Kristian Almås og Terje Kjøde frå Sunnmøre Mållag med på eit planleggingsmøte.

Les meir
Særs vellukka Sunnmørsseminar
Terje Kjøde
- Eg er særs nøgd med seminaret, seier leiaren i Sunnmøre Mållag, Terje Kjøde. Eg nøler ikkje med å karakterisere det som ei god investering, endå om det nesten tømer kassa i Sunnmøre Mållag. Alle attendemeldingane frå deltakarane var positive. Dei sa dei hadde lært mykje, og at dei hadde henta inspirasjon til det dagelege arbeidet på lokal- og fylkesplanet.

Les meir
 
Nynorskstafetten 2013 startar på Sunnmøre
I 2013, 200 år etter at Ivar Aasen vart fødd, er det Noregs Mållag og dei lokale mållag som skipar vår tids målreise. Stafetten startar i Ivar Aasen-tunet og stoggar fleire stader på Sunnmøre, der lokale mållag står for ulike arrangement.

Les meir
Sunnmørsseminaret den 3. og 4. november
Påmeldingsfristen er 5. oktober. Seminaret er ope for alle, men spesielt mållagsmedlemmer på Nordmøre, i Romsdal, på Sunnmøre og i Nordfjord og Sunnfjord, samt dei to målungdomslaga på Sunnmøre vert oppmoda om å ta del. Programmet er underhaldande og variert, med mellom anna Kjetil Tandstad (t. v.), Ottar Grepstad og leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård (t. h.).

Les meir
 
Høgrepolitikarar frå Sunnmøre må stogge åtaket på nynorsken
Høgre vil endre målbrukslova. Dersom programnemnda med Bernt Høie i spissen får det som dei vil. Då skal statlege tenestepersonar i departement, direktorat og etatar få lov å bruke bokmål til alle nynorskbrukarar, skriv Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag.

Les meir
Sunnmørsseminaret i Ulsteinvik første helga i november
Mållaget med stand på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. No vert det haustseminar for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane
3. og 4. november skipar me i Sunnmøre Mållag til eit godt haustseminar i Ulsteinvik. Seminaret er for alle laga i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane. - Vi håpar på mange deltakarar.

Les meir
 
Frårår endringar i stadnamnlova
Kulturdepartementet har kome med framlegg om endringar av paragrafane 6 og 8 i lova om stadnamn. Sunnmøre Mållag har sendt ei fråsegn der vi frårår endringane.

Les meir
Samarbeid med barnehagane
Terje Kjøde i møte med Volda kommune
- Gjennom ord blir verda stor-kampanjen er både viktig og stimulerande, uttrykkjer tilsette både i barnehagar og skular etter besøk frå mållaget.

Denne månaden har mållagsleiar Terje Kjøde invitert til samarbeid og delt ut materiell til bruk i barnehagane både i Volda kommune og Sande kommune.

Les meir
 
Styret i Sunnmøre Mållag 2012
Det nye styret i Sunnmøre Mållag. Frå venstre: Kristian Almås, Iselin Nevstad Øvrelid, Terje Kjøde, Kristian Fuglseth og Tore Krøvel Dahl. Kristian Almås er ny i styret. Dei fire andre held fram.

Les meir
Årsmøtet 2012 i Giske - her finn de saklister og program
Lokallaget i Giske skipar årsmøtet for Sunnmøre mållag den 10. mars frå kl. 10.30 på Godøy kystmuseum i Geilevika på Godøya. Møtet er ope og alle interesserte er velkomne.

Les meir
 
Norsk er bokmål og nynorsk
- SV-leiar Kristin Halvorsen undergrev nynorsken, eige prinsipprogram og eigne vallovnader i forslag om skriftleg sidemål utan karakter og eksamen.

Les meir
Møre og Romsdal samla på Vestnes
- Mållaget vil at kommunane skal ta ansvar for språkpolitikken, seier Nils Ulvund
Dei tre fylkeslaga i Møre og Romsdal, Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre møttest til felles mållagsseminar på Vestnes forrige laurdag.

- Mållaget vil at kommunane skal ta ansvar for språkpolitikken, seier Nils Ulvund, som siste åra har arbeidd mykje med språkpolitikk på Nordmøre.

Les meir
 
Haustsamling for alle mållag og målfolk i Møre og Romsdal
Laurdag 19. november skipar Sunnmøre Mållag haustsamling på Vestnes.

Les meir
Nyskiping
25. august vart det skipa målungdomslag for Ålesund og grannekommunane.

Les meir
 
Målpris til Bergljot Hjorthol
- Det er kjekt å få denne prisen. Eg veit eg er i godt selskap, sa Bergljot Hjorthol i NRK Møre og Romsdal då ho laurdag fekk Sunnmøre Mållag sin målpris for 2009.

Les meir
 
 
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS