Uncategorized

1 000 000 takk!

Det er ingen ting som gjev meir nynorsk for pengane enn auka løyvingar til Noregs Mållag

3. desember blei dei raudgrøne partia samde om statsbudsjettet for 2026. I det nye budsjettet får Noregs Mållag 1 000 000 kroner i auka løyving, i tillegg til 400 000 som Ap hadde i det første budsjettforslaget sitt. Slikt blir det meir nynorsk av!

– At vi var ein del av budsjettforliket, viser både at vi står sterkt hos dei raudgrøne partia, at vi klarer å nå gjennom – og at saka vår er viktig, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Dette gjer oss i stand til å få gjort fleire gode ting for nynorsken. Her er dei fem viktigaste arbeidsfelta våre til neste år:

1: Satsing på sidemål
2: Grunnlovfesting av nynorsk
3: Styrkje digital nynorsk
4: Sikre nynorsk i lærarutdanninga
5: Gje eit økonomisk løft for nynorsk kultur


Takk til Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Raudt, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne for ei særs fin julegåve!